Qinghai

From Wikipedia, the free encyclopedia

Qinghai
Remove ads

Qinghai (forenkla kinesisk 青海, pinyin Qīnghǎi) er ein provins i Folkerepublikken Kina. Han har fått namnet sitt etter den store Qinghaisjøen (Koko Nor). Provinsen grensar til Gansu i nord-aust, Xinjiang i nord-vest, Sichuan i sør-aust og Tibet i sør-vest. Qinghai dekker eit flatemål på 721 000 km². Folketalet vart i 2020 berekna til om lag 6 millionar. Xining er hovudstad i provinsen.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Remove ads

Geografi

Thumb
Hoh Xil er rekna som verdsarv av UNESCO.
Thumb
Tuo Tuo-elva.

Qinghai ligg på den nordaustlege delen av det tibetanske platået. I gjennomsnitt ligg landskapet i Qinghai over 3 000 meter over havnivå. Fjellkjeder som Tanggula Shan og Kunlun Shan set preg på provinsen.

Thumb
Tanggula Shan.

Qaidam-bekkenet ligg i det nordvestlege Qinghai. Bekkenet ligg mellom 2 600 og 3 300 meter over havet. Om lag ein tredel er av området er ørken, som hyser rike mineralførekomstar. Qinghaisjøen (Koko Nor) er den største saltvassinnsjøen i Kina, og den nest største i verda.

Huang He har sine kjelder i den sørlege delen av provinsen, medan Chang Jiang og Mekong har sin kjelder i den sørvestlege delen. Det nasjonale naturreservatet Sanjiangyuan, dekker det området av Qinghai der dei tre elvane Huang He, Chang Jiang og Mekong (Lancang Jiang) har sine kjelder. Naturreservatet vart oppretta i 2003 for å verne om kjeldene til dei tre elvane. Reservatet består av 18 underområde.

I flatemål er Qinghai den største provinsen i Kina. Tek ein dei autonome regionane med, er Xinjiang den største landeininga i Kina.

Klima

Middeltemperaturen for året er mellom −5 og 8 °C. Januartemperaturen varierer frå −18 til −7 °C og julitemperaturen varierer frå 15 til 21 °C. Qinghai kan i perioden frå februar til april vere utsett for kraftige vindar, så vel som sandstormar.

Remove ads

Historie

Delar av området som i dag er Qinghai kom for om lag 2000 år sidan under Han-dynastiet sin kontroll. Store delar av regionen låg likevel utanfor sjølve Kina, og var lenge kjent under mongolske namnet Kokonur. I området møttest folk av tibetansk, mongolsk, hankinesisk og tyrkisk opphav.

Tang-dynastiet og seinare kinesiske dynasti låg stendig i strid med tibetanske stammer.[1] Dei nordlege og austlege delane av Qinghai vart kontrollert av Ming-dynastiet i sine tidlege år, seinare var dei prega av oppstandar mot sentralstyring. Frå seint i Ming-dynastiet si tid til 1724 var ein stor del av dagens Qinghai kontrollert av khoshut-mongolar. Då vart regionen erobra av Qing-dynastiet sin hær.[2]

Etter det stortibetanske riket gjekk under, eit rike som sameina Tibet under ein tsenpo (btsan po), ein keisarlik herskar, vart det ikkje seinare danna noko tibetansk rike som omfatta heile det tibetanske høglandet. Særleg det austlege Tibet vart splitta opp i små og mellomstore rike og område, som samstundes hadde band til den seinare Dalai Lama si regjering i Lhasa.

Thumb
Chiang Kai-shek, leiar av Republikken Kina (høgre), i møte med dei muslimske generalane Ma Bufang (andre frå venstre), og Ma Buqing (første frå venstre) i Xining i Qinghai i august 1942.

Sidan ca. 1727 vart Kokunor-territoriet, som omfatta det nordlege Kham og størstedelen av Amdo, styrt frå byen Xining. Denne by låg fram til tidleg på 1900-talet under provinsen Gansu.

1781-84 gjorde hui-muslimane opprør mot den kinesiske sentralregjeringa. I 1807 gjorde dei tibetanske stammene opprør. Ein oppstand, Dungan-revolten (1895–1896) braut ut i Qinghai.

Etter Xinhairevolusjonen herska muslimsk-kinesiske huiguvernørar og krigsherrar over storparten av regionen fram til 1928. Gjennom Nordekspedisjonen fekk då nasjonalistane kontroll over Kokunor, som same året, 1928, vart omdanna til provinsen Qinghai. Fram til den kinesiske borgarkrigen enda i 1949, var Qinghai base for den muslimske krigsherren Ma Bufang. Tida 1950-58 føregjekk den kinesisk-tibetanske krig i Qinghai, samstundes med ein Kuomintangleia islamsk oppstand.

I 1993 vart eit muslimsk opprør slått ned av dei kommunistiske styresmaktene.[3]

Remove ads

Innbyggjarar

Eit lite fleirtal, 54,5 %, av innbyggarane i Qinghai er han-kinesarar. Dei andre folkegruppene er tibetanarar 20,87 %, huifolk 16 %, tufolk 4 %, salarfolk og mongolar.

Administrasjonseiningar

Qinghai er delt i 8 einingar på prefekturnivå (Eitt byprefektur, eitt prefektur og seks autonome prefektur)

Meir informasjon Kart, # ...

Dei åtte einingane på prefekturnivå er delt i 43 einingar på fylkesnivå (4 distrikt, to byfylke, 30 fylke og 7 autonome fylke). Desse er i sin tur delt i til saman 429 einingar på kommunenivå (115 bykommunar, 253 landkommunar, 30 etniske kommunar og 31 subdistrikt).

Remove ads

Økonomi

Thumb
Rapsåkrar i Qinghai.

Økonomien til Qinghai er mellom dei minste i Kina. Bruttonasjonalprodukt for 2009 utgjorde 0,3 % av heile landets økonomi.

Landbruk er ei hovudnæring, der husdyrhaldet er særleg viktig. Store buskapar med sauer, geiter og jakar vert gjætt over vide beitemarker. Avl av storfe, gris og hest vert drive i noko mindre skala. Jordbruket er konsentrert aust i provinsen langs elvane Huang Shui og Huang He. Viktigaste jordbruksproduktet er kveite, framom bygg, poteter og raps.

Tungindustrien omfattar jarn-og stålproduksjon, eit av Kinas største aluminiumsverk ligg i nærleiken av hovudstaden Xining. Annan industri tilverkar ull- og hudprodukt, matvarer og kjemikaliar. I Qaidambekkenet finst rike mineralressursar med mellom anna store førekomstar av salt. Reservane av høvesvis sylvin, magnesitt, litium, jod og svovel i provinsen er alle dei største i Kina. Ved Lenghu vinn ein ut olje og gass, noko som har gitt viktige bidrag til økonomien i provinsen. Eit av Kinas største vasskraftverk ligg ved Longyangkløfta langs Huang He.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads