You've Lost That Lovin' Feelin'

song From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«You've Lost That Lovin' Feelin'» er ein song frå 1964 av The Righteous Brothers som gjekk til topps i USA det året og i Storbritannia året etter. I 1999 avslørte opphavsrettsorganisasjonen Broadcast Music, Inc. (BMI) at songen er meir spelt på radio og fjernsyn i USA enn nokon annan song på 1900-talet.[2] I tillegg vart songen vald ut som ein av «hundreårets songar» av RIAA og rangert på 34. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Låtskriving, innspeling og mottaking

Songe er skriven av Barry Mann, Phil Spector og Cynthia Weil og er eit av dei fremste døma på «Wall of Sound»-teknikken (lydveggteknikken) til produsent Phil Spector. Han vart spelt inn i Studio A i det kjende Gold Star Studios i Los Angeles med 'The Wrecking Crew' på akkompagnement og solovokal av Bill Medley. Bobby Hatfield var visstnok misnøgd med Spector då han fekk vite at han måtte vente til refrenget før han fekk kome inn på vokal. Då Hatfield spurte Spector om kva det var meininga han skulle gjere medan Medley song aleine, svarte Spector: «Du kan dra rett til banken!»[3] Strykarane vart arrangert av den legendariske arrangøren Gene Page. Blant korvokalistane i crescendoet i songen var ein ung Cher. Forma på songen er ein standard pop song med vers-refreng-vers-refreng-mellomspel-refreng eller ABABCB-forma.[4]

Cynthia Weil fortalte at Etter «Phil, Barry og eg var ferdig med songen, tok me han over til the Righteous Brothers. Bill Medley, som har ei låg stemme, verka å like songen.»[5] Sjølv om han var interessert i songen hadde Medley sine tvil. I eit intervju med magasinet Rolling Stone sa han «Me hadde inga aning om at det skulle bli ein hit. Han var for langsam, for lang og midt i The Beatles og Den britiske bølgja». Songen var rettnok nesten fire minuttar lang, noko som var langt for ein standard song på radio på den tida, men Spector nekta å kutte han ned. På etiketten på plata hadde han derfor skrive «3:05» i staden for den faktiske lengda på songen som er 3:45. Han hadde òg ein falsk slutt som gjorde innspelinga meir dramatisk og som ville få radiovertar til å tru at det var ein kortare song. Då han høyrte den ferdige innspelinga over telefonen, skal Barry Mann ha reagert på den djupe baritonstemma til Medley og sagt til Spector, ««Phil, du spelar han på feil snøggleik!»»[5]

Spector var overraska[1] over at «You've Lost That Lovin' Feelin'» toppa Billboard Hot 100 den 6. februar 1965 og vart liggande der veka den 13. februar 1965. I tillegg kryssa songen over til R&B-lista der han nådde andreplassen.[6]

I Storbritannia

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

The Righteous Brothers sin «You've Lost That Lovin' Feelin'» debuterte på 35. plass på den britiske Topp 40 den 16. januar 1965. På den same lista debuterte versjonen til Cilla Black på 28. plass. Black hadde vorte ei stjerne ved å spele inn Dionne Warwick sin nylege hit, «Anyone Who Had a Heart» for den britiske marknaden, og nådde toppen av salslista med denne i februar 1964. Produsenten til Black, George Martin, gjentok strategien han hadde nytta på den første hitten til Black ved å la ho spele inn «You've Lost That Lovin' Feeling». Versjonen til Black hadde eit forkorta mellomspel, fordi «Eg vil ikkje at folk skal keie seg»;[7] og ho slapp i tillegg då å synge den klimatiske vokalduetten til the Righteous Brothers. 24. januar låg Black sin versjon på 12. plass, medan the Righteous Brothers låg på 20. plass, medan Black klatra til andreplassen og the Righteous Brothers til tredjeplassen veka etter, etter ei heilsidesannonse av Andrew Oldham i Melody Maker, som lovprisa produksjonen til Spector.[8]

20. februar låg the Righteous Brothers sin «You've Lost That Lovin' Feelin'» på toppen av lista, der han vart liggande til 27. februar, medan Black sin versjon hadde falle til femteplassen. Sjølv om dette vart den tredje høgaste listeplasseringa til Black i karrieren hennar, så overskugga originalen versjonen til Black så pass at ho fekk ein nedgangsperiode i Storbritannia og det var først i 1966 at singlane hennar igjen byrja å klatre høgt på listene.

Cilla Black spelte inn «You've Lost That Lovin' Feelin'» i 1985 på albumet Surprisingly Cilla.

The Righteous Brothers sin «You've Lost that Lovin' Feelin» er den einaste singelen som har nådd Topp 10 i Storbritannia tre gonger, då han gjekk inn att på lista i 1969 (10. plass) og i 1990 (tredjeplass), sistnemnte som oppfølgjaren til nyutgjevinga av Unchained Melody, som nådde førsteplassen etter å ha vorte nytta i filmen Ghost. «You've Lost That Lovin' Feelin'» nådde òg 42. plass i 1977 og 87. plass i 1988.

Nottingham Forest FC-fans syng ofte denne songen til motstandarane etter at Nottingham Forest har skåra mål.

Hall & Oates sin versjon i 1980 vart ein liten hitt i Storbritannia med ein 55. plass. Versjonen til Telly Savalas i 1975 vart meir suksessrik med ein 47. plass.

Lister

Meir informasjon Liste (1964–65), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

Andre hitversjonar

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Hall & Oates-kronologi ...

I Nederland nådde «You've Lost That Lovin' Feelin'» åttandeplassen i mars 1965 med tre versjonar på rad: the Righteous Brothers og Cilla Black sine, i tillegg til ein lokal versjon av Trea Dobbs.

«You've Lost That Lovin' Feeling» var den einaste singelen frå Soulful, eit album frå 1969 av Dionne Warwick som skulle syne ho som ein R&B-songar etter arbeidet hennar med Burt Bacharach. Han vart produsert i lag med Warwick og Chips Moman og spelt inn i American Sound Studios i Memphis i Tennessee og Soulful vart eit av dei mest suksessrike albuma til Warwcik med ein 11. plass på albumlista, medan singelen «You've Lost That Lovin' Feeling» nådde 16. plass på Billboard Hot 100. I Australia på Go-Set-lista nådde Warwick-versjonen 34. plass i januar 1970. Arkivert 2018-09-16 ved Wayback Machine. (Warwick-versjonen vert stava «feeling» i staden for den vanlege «feelin'».)

Albumet til Roberta Flack og Donny Hathaway kalla opp etter dei sjølv frå 1972 hadde med ein versjon av «You've Lost That Lovin' Feelin'». Denne vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet etter «You've Got a Friend». Flack/Hathaway nådde 30. plass på R&B-lista og 71. plass på Billboard Hot 100 (Cash Box Top 100 Singles 57. plass og Record World 100 Pop Chart på 53. plass).

I 1979 spelte Long John Baldry «You've Lost That Lovin' Feelin'» på Baldry's Out i ein duett med Kathi McDonald. Singelen nådde 45. plass i Canada og 89. plass i USA. Denne versjonen nådde derimot andreplassen i Australia i 1980 og Bill Medley frå Righteous Brothers kalla Baldry/McDonald-versjonen den beste nyinnspelinga av «You've Lost That Lovin' Feelin'». Baldry hadde først spelt inn songen - som «You've Lost That Lovin' Feelin'» - for albumet sitt Looking at Long John i 1966. Baldry/McDonald-duetten nådde òg 37. plass på New Zealand.

Hall & Oates spelte inn songen i 1980 for Voices med eit enkelt arrangement i forhold til den overdådige Righteous Brothers-versjonen. Songen vart gjeve ut som singel og nådde 12. plass i USA.

I 1986 vart «You've Lost That Lovin' Feelin'» spelt av Grant & Forsyth (tidlegare Guys 'n' Dolls) 48. plass i the Nederland, der songen nådde 57. plass i 2002 for André Hazes & Johnny Logan.

Günther Neefs nådde 31. plass i belgiske Flandern i 1996 med «You've Lost That Lovin' Feeling».

«You've Lost That Lovin' Feelin'» gjekk inn på C&W-lista på 41. plass på for Barbara Fairchild i 1975, medan Carroll Baker tok songen til åttandeplass på countrylista i Canada i 1988.

Andre kjende versjonar

Barry Mann har spelt inn songen sin to gonger, første gongen i 1971 på Lay It All Out og igjen på Soul and Inspiration i 2000.

I 1969 produserte Bill Medley ein versjon av «You've Lost That Lovin' Feelin'» for the Blossoms som song korvokal på the Righteous Brothers-hitten. Denne vart gjeve ut som singel. Medley sjølv spelte inn «You've Lost That Lovin' Feelin'» i 1971 for A Song For You.

Glen Campbell, som var rytmegitarist i 'The Wrecking Crew' på versjonen til the Righteous Brothers av «You've Lost That Lovin' Feelin'» spelte inn sin eigen versjon av songen som først kom ut i 1999 på albumet My Hits and Love Songs.

Konsertfilmen The Big T.N.T. Show filma ved the Moulin Rouge i Los Angeles 29. november 1965 har med Joan Baez på «You've Lost That Lovin' Feelin'» til eit piano akkompagnert av Phil Spector.

Elvis Presley song songen med Zane Ashton (òg kjend som Bill Aken) sitt unike arrangement i 1970 for konsertalbumet og filmen That's the Way It Is. Presley-versjonen vart repetert i 1972 for albumet Elvis: As Recorded at Madison Square Garden.

Songen vart nytta i filmen Top Gun, sungen av Maverick (spelt av Tom Cruise) til Charlie (spelt av Kelly McGillis) i ein bar.

Phil Collins framførte «You've Lost That Lovin' Feelin'» ved the Princes Trust Rock Gala i 1987.

Under the Main Event Tour i Australia i 1998 framførte John Farnham, Olivia Newton-John og Anthony Warlow i lag «You've Lost That Lovin' Feelin'» og dette vart gjeve ut i 1999 på albumet Highlights from The Main Event.

Reggae-versjonar av «You've Lost That Lovin' Feelin'» er gjevne ut av Lorna Bennett, the Blackstones, Dennis Brown, Ray Darwin, the Heptones og Sugar Minott.

Instrumentalversjonar har blitt spelt inn av Acker Bilk, Paul Brett, Fania All-Stars, Floyd Cramer, Sonny Criss, King Curtis, Johnny Harris, Shake Keane, James Last, Lincoln Mayorga, Junior Mance, Bill Pursell, Boots Randolph, John Schroeder og Kai Winding.

Andre versjonar (tabell)

Meir informasjon ARTIST, INNSPELINGSINFO ...
Remove ads

Norsk versjon

Arne Bendiksen har skrive ein norsk tekst. På norsk har han tittelen «Hvor er dine tanker». Songen vart spelt inn av Kirsti Sparboe på singlen Triola TN 415 i 1965.[21]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads