Luck of the Draw
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Luck of the Draw er det 11. studioalbumet til den amerikanske songaren Bonnie Raitt, gjeve ut i 1991.
Remove ads
Etter at ho vart nominert til fire Grammy-prisar for albumet Nick of Time, som kom i 1989, trekte Raitt seg attende til Nord-California for å byrje arbeidet på Luck of the Draw. «Eg trekte meg attende med vilje for å sjå om eg kunne komme opp med noko», sa Raitt i 1991. «I tilfelle eg vann, så ønskte eg å vere sikker på at eg hadde skrive noko, og ikkje følte at Nick of Time berre var eit lykketreff. Eg ønskte ikkje å vinne fordi eg hadde slutta å drikke og brukt tjue år på å ikkje tene pengar. Det var ikkje nok. Så eg tvang meg sjølv attende til å skrive musikk. Det var tre fire dagar der det ikkje skjedde noko — men fordi eg ikkje hadde alkohol eller misnøye eller noko som kom i vegen, så byrja det å opne seg opp og eg byrja tre av fire songar som er på dette albumet. Og det hadde ikkje noko å seie om eg vann eller ikkje, for eg hadde bevist for meg sjølv om at det var ok.»
Albumet selte betre enn Nick of Time med sju millionar eksemplar i USA aleine innan 2010, og vart marknadsført med ein 180 konsertar lang turné frå 1991 til 1993. Albumet gjore det òg godt i andre land, som Frankrike og Italia. Til i dag er dette det bestseljande albumet hennar.
I plateomslaget dediserte Raitt albumet til bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan, som døydde i 1990 og som hadde oppfordra henne til å stoppe alkoholmisbruket.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Bonnie Raitt – solovokal, korvokal (1, 3, 4, 7, 8, 10), akustisk gitar (1, 2, 5, 6, 9, 11), elektrisk gitar (1), slidegitar (1, 2, 4, 10), horn arrangement (4), elektrisk piano (7, 12)
- Stephen Bruton – akustisk gitar (1), korvokal (9)
- Randy Jacobs – elektrisk gitar (2)
- Johnny Lee Schell – elektrisk gitar (5)
- John Hiatt – gitar (6), korvokal (6)
- Mark Goldenberg – akustisk gitar (8, 10)
- Richard Thompson – elektrisk gitar (8, 11), korvokal (11)
- Billy Vera – elektrisk gitar (9)
- Robben Ford – sologitar (10)
- Scott Thurston – klaverinstrument (1, 11), akustisk gitar (10), elektrisk gitar (10, 11)
- Ivan Neville – Hammond B3-orgel (2), klaverinstrument (4)
- Bruce Hornsby – akustisk piano (3), klaverinstrument (3)
- Benmont Tench – Hammond C3-orgel (3, 7, 8, 11), akustisk piano (8)
- Ian McLagan – Hammond B3 orgel (5)
- Steve Conn – trekkspel (9)
- James «Hutch» Hutchinson – bass (1-6, 8, 10, 11)
- Don Was – jug bass (9)
- Curt Bisquera – trommer (1, 2)
- Ricky Fataar – trommer (1, 4, 5, 6, 8, 9, 10)
- Tony Braunagel – trommer (3)
- Jeff Porcaro – trommer (11)
- Debra Dobkin – perkusjon (1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10), korvokal (10)
- Paulinho Da Costa – perkusjon (3, 7, 11, 12)
- Delbert McClinton – munnspel (2), solovokal (2)
- Tower of Power Horns – blåsarar (4)
- Stephen «Doc» Kupka – barytonsaksofon
- Emilio Castillo – tenorsaksofon
- Steve Grove – tenorsaksofon
- Greg Adams – trompet, blåsararrangement
- Lee Thornburg – trompet
- Phil Cunningham – tinnfløyte (7)
- Aaron Shaw – sekkepipe (12)
- David Campbell – strykearrangement og dirigent (12)
- Larry Corbett – cello (12)
- Ernest Ehrhardt – cello (12)
- Dennis Karmazyn – cello (12)
- Carole Castillo – bratsj (12)
- Rick Gerding – bratsj (12)
- Pamela Goldsmith – bratsj (12)
- Novi Novog – bratsj (12)
- Sweet Pea Atkinson – korvokal (1, 5, 10)
- Sir Harry Bowens – korvokal (1, 5, 10)
- David Lasley – korvokal (1, 3, 7, 8)
- Arnold McCuller – korvokal (3, 5, 7, 8, 10)
- Kris Kristofferson – korvokal (5)
- Paul Brady – korvokal (8, 11)
- Glen Clark – korvokal (9)
- Daniel Timms – korvokal (9)
Remove ads
Produksjon
- Produsentar – Bonnie Raitt og Don Was
- Lydteknikar og miksing – Ed Cherney
- Assisterande lydteknikar – Bryant Arnett, Ray Blair, Dan Bosworth og Charles Paakkari.
- Mastering av Doug Sax i The Mastering Lab (Los Angeles, CA).
- Kunstnarisk leiar – Tommy Steele
- Design – Jeffery Fey
- Fotografi – Merlyn Rosenberg
- Logo – Margo Chase
Salslister
Album
Singlar
Remove ads
Salstrofé
Prisar
Grammyprisens
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads