Nasjonaldrikk

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Nasjonaldrikk
Remove ads

Ein nasjonaldrikk er ein drikk som er sterkt knytt til eit særskild land, og kan vera del av nasjonal identitet og sjølvbilde. Ein kan dela inn nasjonaldrikkar i alkoholdrikkar og leskedrikkar. Ein alkoholhaldig nasjonaldrikk kan vera eit nasjonalt brennevin som ein kan drikka ublanda (som med whiskey i Irland), men er som regel ein blanda drikk eller cocktail (som caipirinha i Brasil), eller øl eller vin. Nokre nasjonaldrikkar utan alkohol kan vera te for Kina, coca-cola for USA, lassi for India, maté for Uruguay og kompot for austeuropeiske land.

Thumb
Boba eller boblete, ein taiwansk nasjonaldrikk.

Ein drikk kan reknast som nasjonaldrikk av ulike grunnar:

  • Han er ein utbreidd drikk, laga av utvalde lokale råder som ein kan tilreia på ein særskild måte, som mango-lassi som nyttar dahi, ein tradisjonell jogurt frå Sør-Asia, og mango.[1]
  • Han inneheld ein særskild «eksotisk» ingrediens som blir laga lokalt.
  • Han blir servert som del av ei feiring eller høgtid som er del av kulturarva, som eggnog i USA i juletida.
  • Han er blitt promotert som ein nasjonaldrikk i eller av landet sjølv.

Nokre gonger kan fleire land ha same drikk som nasjonaldrikk, som pisco sour i Peru og Chile.

Europa kan delast inn i «alkoholbelte» der øl er tradisjonell drikk i land som Tyskland, Storbritannia og Irland, medan vin er vanleg i middelhavsland som Spania, Italia og Hellas. Fleire drikkar er felles for fleire slaviske land. Vodka er ein klar alkoholdrikk laga ved å destillera væska frå fermentert korn og potet. Land der vodka blir rekna som nasjonaldrikk er blitt kalla «vodkabeltet». Fruktbrennevin er utbreidd på Balkan, medan akevitt og brännvin er utbreidde i Skandinavia. Elles er kvass ein vanleg fermentert leskedrikk laga av rugrbød og drukken i mange slaviske og baltiske land. Kompot er ein annan drikk som tradisjonelt er blitt laga i same regionen ved å koka saman ulike typar frukt og bær og kan serverast varm eller kald, avhengig av årstid.

Lista over land og nasjonaldrikkar er kategorisert etter geopolitiske regionar tilpassa frå SN sine fem «regionale grupper».[2]

Remove ads

Amerika

Nord-Amerika

Thumb
Caipirinha, den brasilianske nasjonaldrikken, er laga av cachaça, lime og sukker.
  •  Canada: Caesar er ein cocktail som oppstod i Calgary, og er utbreidd i heile Canada. Han minnar om ein bloody Mary og inneheld vodka, tomatjus, skjelbuljong, chilisaus og worcestershiresaus, og blir servert med is i eit glas med sellerisalt på toppen, typisk pynta med ein selleristilk og ein limebåt.[3]
  •  USA: Coca-Cola er ein brus som opphavleg blei seld som patentmedisin. Namnet på drikken viser til to av dei opphavlege ingrediensane: kokablad og kolanøtter.[4]
  •  Mexico: Tequila er eit brennevin laga av blå agave, hovudsakleg i området rundt byen Tequila i den sentrale meksikanske delstaten Jalisco. I 2018 gjekk dei meksikanske styresmaktene inn for eit forslag om å markera den tredje laurdagen i mars som nasjonal tequiladag.[5]

Latin-Amerika

  •  Argentina: Maté blir laga ved å tekka tørka yerba mate-blad i varmt vatn og servert med eit sugerøyr av metall i ein kalebass.
  •  Bermuda: Rum swizzle[6][7]
  •  Brasil: Caipirinha er ein kjend cocktail laga av cachaça.[8][9][10] Guaraná er ein brus laga av frukt frå Amazonia.
  •  Curaçao: Curaçao er ein likør som tradisjonelt blir laga av det tørka skalet til laraha, ein bitterappelsin frå Curaçao.[11]
  •  Chile:Pisco sour
  •  Colombia: Aguardiente, kaffi
  •  Costa Rica: Imperial
  •  Cuba: Cuba libre, mojito, daiquiri
  •  Ecuador:Chicha
  •  Haiti: Barbancourt er ein romtype som blir laga på Haiti av Société du Rhum Barbancourt, eit av dei eldste føretaka på Haiti.[12]
  •  Paraguay: Maté.
  •  Peru: Pisco sour[10][9][8] har truleg namn etter Pisco i Peru, og er bland saman av brennevinet pisco og ein cocktail-sour.
  •  Uruguay: Maté
Remove ads

Europa

Thumb
Klar vodka servert med sylta agurk, ein vanleg serveringsmåte i det slaviske «vodkabeltet».
Thumb
Glencairn whisky-glas.
  •  Belgia: Belgia høyrer til det europeiske «ølbeltet», og er kjend for å ha mange ølslag og bryggeri. Det finst over 1 400 belgiske øltypar, og drikken har stor kulturell tyding.
  •  Bosnia og Herzegovina:
  •  Bulgaria: Rakia er rekna som nasjonaldrikk i Bulgaria, og skal også ha oppstått her. Brennevinet kan lagast av frukt som plomme og aprikos.[13]
  •  Finland: Lonkero[14]
  •  Frankrike: Raudvin er eit vinslag laga av mørke vindruer.[15][16] Champagne er ein typisk fransk kvitvin.
  •  Tyskland: Lagerøl er ein øltype som er lagra ved låg temperatur.[16][15] Fanta er rekna som nasjonal leskedrikk.[17]
  •  Hellas: Ouzo er ein tørr anis-smakande aperitif som er utbreidd i Hellas og på Kypros.[18][15][16]
  •  Island: Brennivín, appelsín
  •  Irland: Guinness er ein mørk øl eller stout.[19][20]
  •  Italia: Chinotto, ein leskedrikk laga av sitrusfrukta Citrus myrtifolia; vin; grappa; espresso; cappuccino
  •  Kviterussland: Byarozavik er ein tradisjonell drikk laga av bjørkesevje som blei populær i Sovjetunionen og seinare også har hatt ein auke i popularitet.
  •  Kypros: Zivania
  •  Litauen:: Midus, gira
  •  Malta: Kinnie[21]
  •  Nederland: Jenever
  •  Noreg: Akevitt
  •  Polen: Som i fleire andre austeuropeiske land er vodka rekna som ein nasjonaldrikk. I tillegg til å laga brennevinet av korn kan ein også bruka potet. Som Russland reknar Polen seg som opphavslandet til vodka, oppfinninga skal ha skejdd på 1400-talet.[22] Ein annan populær drikk er krupnik, ein tradisjonell søt alkoholdrikk av vodka og honning.
  •  Portugal: Portvin er ein søt sterkvin laga med druebrennevin i Dourodalen nord i Portugal og ofte servert som dessertvin.[23] Det blir også laga særskilde typar portugisisk vin i dei ulike regionane.[24]
  •  Romania: Țuică er eit plommebrennevin som blir destillert i eit destillasjonsapparat av koppar over eld frå tre eller kol. Ein drikk tradisjonelt tuică før måltid og ved feiringar.[25]
  •  Russland: Kvass er ein tradisjonell fermentert leskedrikk vanlegvis laga av rugbrød. Medan kvass er rekna som nasjonal leskedrikk, er vodka den alkoholhaldrikke drikken dei fleste russarar vil rekna som nasjonaldrikk.[26] Som i Polen reknar russarar landet sitt som opphavsstaden til vodka.[27]
  •  Serbia: Rakia.
  •  Slovakia: Borovička
  •  Spania: Sangria, tradisjonelt laga av raudvin og hakka frukt, ofte med andre ingrediensar som appelsinjus eller brandy.[9][10]
  •  Sverige: Brännvin, punsch[28], akevitt
  •  Sveits: Rivella.
  •  Tsjekkia: Pilsner er eit lyst lagerøl som kjem frå Plzeň.
  •  Ungarn: Pálinka
  •  Storbritannia: Te
    •  Skottland Skotsk whisky, etter loven ein whisky som må ha vore lagra i eiketønner i minst tre år.[29] Irn-Bru (uttalt som Iron Brew) er ein søt appelsinbrus som er blitt kalla «den andre nasjonaldrikken» til Skottland[30]
Remove ads

Afrika

Thumb
Berele-glas med tej, ein mjød eller honningvin frå Etiopia.

Stillehavs-Asia

Aust-Asia

Thumb
Klassisk kinesisk teservise og tre gaiwan
  •  Kina: Te har vore ein viktig del av kinesisk kultur i tusenvis av år. Den eldste kjende omtalen av te er funne i Kina, med moglege kjelder frå 900-talet f.Kr.[36][37]
Det kinesiske nasjonalbrennevinet baijiu (forenkla kinesisk 白酒, pinyin báijiǔ, bokstaveleg ‘white (clear) liquor’) er destillert frå fleire ulike kornslag, mellom anna ris, klistrete ris, kveite, bygg, sorghum og liknande.[38][39]
  •  Taiwan: Boblete[42][43] (også kjend som pearl milk tea, bubble milk tea og boba) er ein tebasert drikk som blei funnen opp på 1980-talet.[44]
  •  Japan: Ocha eller grøn te.[45]
Sake, eller risvin, blir laga ved å fermentera polert ris.[8][9][10]
  •  Mongolia: Airag,(айраг ˈai̯rəɡ)[46] i nokre område kalla tsegee, er eit fermentert mjølkeprodukt som tradisjonelt er laga av hestemjølk.[47] [48]
  •  Nord-Korea: 18. juni 2019 utnemnde den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un alkoholdrikken Pyongyang-soju som nasjonaldrikk.[49] Soju er eit klart koreansk brennevin.[50]
  •  Sør-Korea: Soju[51][52][53] Det blir vanlegvis drukke ublanda, og har eit alkoholinnhald på mellom 16,8 % og 53 %.[54][55] Dei fleste sojutypar blir laga i Sør-Korea. Drikken blir tradisjonelt laga av ris, kveite eller bygg, men moderne produsentar kan ofte nytta stive frå potet, søtpotet eller tapioka i staden for ris.[56]

Søraust-Asia

Thumb
Iste er ein populær drikk i Thailand og fleire andre delar av verda.
  •  Kambodsja: Sombai[57]
  •  Indonesia: Es teler, ein søt isdrikk skapt av Murniati Widjaja, vann ei tevling om å bli nasjonaldrikk for Indonesia i 1982.[58][59]
  •  Malaysia: Teh tarik, varm mjølkete som er utbreidd drikk på serveringsstader, buer og kopi tiam i Malaysia.[60] Han er laga av sterk vart te blanda med kondensert mjølk.[61]
  •  Laos: Lao-lao (ເຫລົ້າລາວ) is a Laotian rice whisky produced in Laos.[62][63]
  •  Myanmar: Lahpet yay blir laga med fermentert eller sylta te og søta kondensert eller evaporatert mjølk. Han blir tradisjonelt servert i burmesiske tehus.[64][65]
  •  Filippinane: San Miguel-ø.[66]
  •  Singapore: Kopi er ein tradisjonell type svart, sterk kaffi som kan serverast med mjølk og/eller sukker.[67] The Singapore coffee is recognized to be culturally significant[68] Han er ein del av dagleglivet til mange singaporarar.[69]
Singapore Sling er ein gin-basert sling-cocktail som stammar frå Singapore. Han blei skapt før 1915 av kinesiskfødde Ngiam Tong Boon (forenkla kinesisk 严崇文, pinyin Yán Chóng-Wén) ved Long Bar i Raffles Hotel, og er rekna som nasjonalcocktailen til Singapore.
  •  Thailand: Thai-te er ein drikk laga av te, mjølk og sukker, og kan serverast varm eller kald. Han er populær i Søraust-Asia, og blir servert i mange restaurantar som tilbyr thaimat.[70] Ein annan svært populær drikk er Krating Daeng, ein energidrikk som først blei introdusert i 1976. På thai tyder daeng raud medan krating er eit stort vilt oksedyr frå Sør-Asia. Krating Daeng inspirerte den vestlege drikken Red Bull.

Oseania

  •  Australia: Lemon, lime and bitters blei omtalt som australsk nasjonaldrikk i ein artikkel frå ABC News i 2018.[71] Lemon, lime and bitters (LLB) er ein blanda drikk laga av limonade, lime-saft og Angostura. Lemonaden kan erstattast med sodavatn[71] eller sitronbrus. Han blei servert som eit alkoholfritt alternativ til pink gin (gin med Angostura).[71]
  •  Fiji: Kava er ofte rekna som uoffisiell nasjonaldrikk. På Fiji blri kava (også kalla grog og yaqona) drukken til alle tider på dagen, både i offentlege og private samanhengar. Kavadrikking er ein måte å ønska personar velkommen på, og er del av viktige sosiale og politiske høve. Begge kjønn drikk kava. Kava blir drukken for den avslappande verknaden sin i heile Polynesia, mellom anna Hawaii, Vanuatu, Melanesia og delar av Mikronesia.
  •  Kiribati: Karewe er ein palmevin laga av toddy (sevje frå toddypalmen) på Kiribati.[72][9][10]
  •  New Zealand: L&P
  •  Tonga: Kava er ein viktig drikk på Tonga, og kan kallast ein uoffisiell nasjonaldrikk. På Tonga er kava rekna på lik linje som alkohol og blir drukken om kvelden på ein kalapu (tongansk for 'klubb'), som også blir kalla ein faikava ('å gjera kava'). Berre menn har lov til å drikka kava, men kvinner som serverer drikken kan vera til stades.

Sør-Asia

Thumb
Den populære indiske drikken mango-lassi.
  •  Bangladesh: Te (চা) er rekna som bangladeshisk nasjonaldrikk, og landet har offentlege organ som Bangladesh Tea Board og Bangladesh Tea Research Institute som støtter produksjon, sertifisering og eksport av te.[73] Ein ny måte å servera te på, sjufarga te eller sjulagste (Seven Color Tea, seven-layer tea eller সাত রং চা) oppstod i Sylhet divisjon.[74][75]
  •  Bhutan: Ara eler arag (tibetansk og dzongkha: ཨ་རག་; Wylie: a-rag; 'alkohol, brennevin') er ein tradisjonell alkoholdrikk laga av lokale høgfjellsvariantar av bygg, ris, mais, sorghum eller kveite, og kan anten vera fermentert eller destillert. Drikken er vanlegvis klar, kvit- eller kremfarga.[76]
  •  India: Lassi er ein forfriskande jogurtdrikk som kan vera salt eller søt. Ein kan også blanda inn krydder og eventuelt frukt, som mango.[77][78] Masala chai er ein varm, søt te som er populær i heile Sør-Asia og er laga av svart te, aromatiske krydder og urter, mjølk og sukker.[79] I Sør-India er den typiske drikken indisk filterkaffi eller kaapi, som ein lagar ved å blanda skummande, kokt mjølk med kaffi brygga med eit metallfilter.[80]
  •  Maldivane: Sai eller te er utbreidd på Maldivane. Ein drikk også raa, palmevin som kan fermentera og bli litt alkoholhaldig.
  •  Nepal: Raksi[81] er ein sterk, klar alkoholdrikk som vanlegvis blir laga av kodo-sorghum eller ris; ulike korntypar gjev ulike smakar.[82]
  •  Pakistan: Sukkerøyrjus.[83]
Remove ads

Sentral- og Vest-Asia

Sentral-Asia

Vest-Asia

Galleri

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads