Pattedyr i Noreg
Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pattedyr i Noreg er ei oversikt over pattedyr med ville bestandar på norsk territorium, inkludert Svalbard og Jan Mayen. Menneske og husdyr er ikkje rekna med.[1]
Foto: John Erling Blad
Tabellen under er inndelt i ordenar, familiar og artar.[1][2]
Innleiing
Innvandringa til pattedyra skjedde for alle nålevande pattedyr sitt vedkomande etter siste istid, den faunaen som levde her mellom tidlegare istider hadde anten vandra sørover eller døydd ut. Nokre av dagens pattedyr er innførte til landet. Dei fleste artene har ei sirkumpolar utbreiing i samband med Nordishavet, og er tilpassa eit arktisk klima. Lemen er einaste art som ser ut til å ha si hovudutbreiing i Noreg.
Dei tidlegaste innvandrarane var kvalar og selar, tett følgt av reinsdyr, raudrev, fjellrev og menneske. Typiske skogsartar som elg, brunbjørn og mange gnagar- og flaggermusarter har først kunna etablere seg etter at landa var vorte skogkledd. Den norske pattedyrfaunaen er relativt artsfattig, men det blir forventa at fleire nye europeiske arter vil klare å etablere seg der i framtida. Villsvin vart utrydda i bronsealderen, nordkaper og svartrotte i historisk tid. Villsvin har vandra inn att frå Sverige, medan moskusfe, som var utbreidd i landet i førre mellomistid, har vorte introdusert på nytt.
Pattedyr sine leveområde. Pattedyra lever i alle slag biotopar i Noreg; frå bybakgardane til breen og skoggrensa til det karrige skjeret. Husmus og brunrotte er fullt knytt til menneske. Òg raudrev og grevling er vanleg i byar. Fleire arter trivst best i landbrukets kulturlandskap, som til dømes vånd, rådyr, raudrev, grevling og piggsvin. Mange av dei større pattedyra, som elg, hjort, brunbjørn, ulv, gaupe, mår og bever, har si hovudutbreiing i barskog og blandingsskog, noko som er med på å underbygge den utbreidde førestillinga om at «ville dyr lever i skogen». Rein, lemen, jerv og røyskatt er dyr som har sin hovudutbreiing på fjellet, det vil seie over tregrensa, eller i vierbandet opp mot tregrensa. Oteren er eit kystdyr som både trivst i havet og langs strandkanten. Nokre av dei sjølevande pattedyra har sin hovudutbreiing ut mot det opne havet (som havert), medan nise og steinkobbe er kystnære. Vågekvalhoene kan trekkje inn i fjordane, men dei fleste kvalane lever langt ute frå kysten.
Vernestatus. Artar som er truga av utrydding i Noreg er registrert på norsk raudliste 2006, med ein ei gradert vurdering som går frå «omsynskrevjande»/«nær truga» til «kritisk truga». Òg artar kor bestandstalet er ukjend kan bli lista opp på raudlista. Nye arter som ikkje er ynskt i norsk fauna blir lista på norsk svarteliste, og slike pattedyr (villsvin, mink og mårhund) vil det normalt vere tillate å jakte på heile året. Dyra er svartelista fordi ein fryktar at brei introduksjon av arta kan ha uønskte økologiske konsekvensar.
Remove ads
Piggsvindyr (Erinaceomorpha)
Spissmusdyr (Soricomorpha)
Flaggermus (Chiroptera)
- VassflaggermusFoto: Eduard Oscar Schmidt
Remove ads
Haredyr (Lagomorpha)
- SørhareFoto: Malane Thyssen
Remove ads
Gnagarar (Rodentia)
Remove ads
Rovpattedyr (Carnivora)
Remove ads
Klauvdyr (Artiodactyla)
- VillsvinFoto: Macro Freak
- ElgFoto: C.Schultz
Remove ads
Kvalar (Cetacea)
Foto:
Morten Haugen
Remove ads
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads