Revelation av Journey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Revelation er det 13. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Journey, og det første med songaren Arnel Pineda.[3] Albumet inneheld elleve nye songar og elleve nyinnspelte versjonar av eldre songar (alle med Pineda), i tillegg til ein DVD (berre i Nord-Amerika) med ein konsert med den dåverande besetninga frå Las Vegas. Tre singlar skrivne av Neal Schon og Jonathan Cain vart sende til radio. Desse var «Never Walk Away,» «Where Did I Lose Your Love» og powerballaden «After All These Years». «Where Did I Lose Your Love» og «After All These Years» gjekk begge inn på adult contemporary-lista, der «Where Did I Lose Your Love» nådde 19. plassen og «After All These Years» nådde niandreplassen.
I 20078 gav Frontiers Records ut eit «eksklusivt, originalt bonusspor, 'Let It Take You Back'», til den europeiske utgåva av albumet.[4]
Remove ads
Produksjon
Revelation vart spelt inn tidleg i 2008 i The Plant i Sausalito i California av John Neff.
Albumet kom ut 3. juni 2008 i USA på Nomota LLC (det personlege plateselskapet til Schon) og selt eksklusivt gjennom Wal-Mart,[5] og i Europa 6. juni 2008 på Frontiers Records.[6] I tillegg selte Wal-Mart ei avgrensa utgåve av ein ZVUE 1-gigabyte MP3-spelar med plate 1 og 2 av Revelation.[7]
Albumet var produsert av Kevin Shirley, som òg produserte Trial by Fire o Arrival.
Remove ads
Utgjeving
Albumet gjekk rett inn på Billboard's Independent Albums-lista, andreplassen på Billboard Rock Album-liste, og femteplassen på Billboard 200. Det låg på sistnemnde liste i 42 veker.[8] Albumet gjekk òg inn på albumlistene i ni andre land.
Revelation vart nominert til årets album i den årlege lesarundersøkinga til Classic Rock Magazine.
Den 18. desember 2008 hadde albumet selt til platinaplate i USA,[9] det første som oppnådde denne statusen for Journey sidan Trial by Fire i 1996.[9]
Remove ads
Innhald
DVD
- «Sky Light» (N. Schon)
- «Any Way You Want It»
- «Wheel in the Sky»
- «Lights»
- «After All These Years»
- «Never Walk Away»
- «Open Arms (Prelude)» (Cain)
- «Open Arms»
- «Mother, Father» (Matt Schon, N. Schon, Perry, Cain) (from Escape, 1981, Deen Castronovo on solovokal)
- «Wildest Dream»
- «Separate Ways (Worlds Apart)»
- «Faithfully»
- «Don't Stop Believin'»
- «Be Good to Yourself»
Remove ads
Medverkande
Journey
- Arnel Pineda – solovokal
- Neal Schon – sologitar, korvokal
- Ross Valory – bass, korvokal
- Deen Castronovo – trommer, perkusjon, korvokal
- Jonathan Cain – klaverinstrument, rytmegitar, korvokal
Production
- Kevin Shirley – produsent, miksing
- John Neff – lydteknikar
- Justin Pintar – mikseassistent
- George Marino – mastering
Salslister
Remove ads
Salstrofé
Land | Organisasjon | År | Salstal |
USA | RIAA | 2008 | Platinum (+ 1 000 000)[9] |
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads