Satellite
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Satellite» (‘satelitt’) er ein tysk popsong som vann Eurovision Song Contest 2010 for Tyskland. Songen blir framført av Lena Meyer-Landrut og er komponert av Julie Frost og John Gordon. Frost har også skrive den engelske teksten. Låten blei vald av tyske tv-sjåarar under den tyske finalen Unser Star für Oslo 12. mars 2010, og songen blei tilgjengeleg for digital nedlasting dagen etter. «Satellite» debuterte på den tyske singellista som nummer éin og selde til dobbelt platina.[2][3][4] «Satellite» blei etterfølgd av «Taken by a Stranger», framført av Lena Meyer-Landrut, som Tyskland sitt bidrag i 2011.[5]
«Satellite» Song av Lena Meyer-Landrut frå albumet My Cassette Player | ||
![]() | ||
Land | Tyskland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 13. mars 2010 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 02:54 | |
Selskap | USFO og Universal Music Germany[1] | |
Komponist | Julie Frost, John Gordon | |
Tekstforfattar | Julie Frost, John Gordon | |
Låtskrivar(ar) | Julie Frost og John Gordon | |
---|---|---|
Produsent | Brix, Ingo Politz, Bernd Wendlandt og John Gordon | |
Unser Star für Oslo
Den tyske konkurransen blei laga som eit samarbeid mellom det offentlege tv-selskapet ARD og det private selskapet ProSieben, med komikar og musikkprodusent Stefan Raab som prosjektleiar.[6] Finalen var lagd opp som eit Idol-aktig talentshow, kalla Unser Star für Oslo (‘vår stjerne for Oslo’). Rundt 4 500 personar møtte opp til prøvesynginga, og blant dei var Lena Meyer-Landrut. Ho avanserte raskt i konkurransen og blei straks den store favoritten framfor finalen 12. mars.
I finalen stod Meyer-Landrut og Jennifer Braun igjen i konkurransen. Dei to finalistane framførte tre songar kvar som var spesialskrivne for konkurransen: «Bee», «Satellite» og «Love Me». Gjennom sms-avrøystinga blei Lena Meyer-Landrut kåra til vinnar, mens vinnarsongen blei «Satellite», skriven av USA-amerikanaren Julie Frost og dansken John Gordon. Musikkvideoen for «Satellite» blei laga i løpet av natta etter finalen og blei fyrste gong vist i Tyskland fire dagar seinare.[7]
Eurovision Song Contest
Som eit av «de fire store landa» i Eurovision Song Contest var Tyskland direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2010 laurdag 29. mai. Fleire veker før konkurransen blei Meyer-Landrut trekt fram som en favoritt saman med Aserbajdsjan. Google rekna også med at Tyskland ville vinne, basert på popularitet i søk blant dei deltakande landa.[8] Aftenposten trekte også fram at ho fekk mest pressemerksemd av alle deltakarane i konkurransen.[9] Dette skuldast nok like mykje den avslappande haldninga til Lena Meyer-Landrut hadde til pressa, ei haldning som har blitt omtala som «kjapp i replikken», «reservert» og «arrogant».[10][11][12]
Under finalen i Telenor Arena var Tyskland det 22. landet ut på scena av 25 deltakarar. I ein enkel, svart kjole framførte Meyer-Landrut songen med fire støttevokalistar og utan særleg koreografi – stikk i strid med Eurovision-tradisjonen.[13]
I avrøystinga forsvara Meyer-Landrut favorittstempelet, og Tyskland vann med 246 poeng. «Satellite» fekk 12 poeng frå blant andre Finland, Danmark, Noreg, Sverige, Slovakia, Sveits og Spania.[14] Dette var den fyrste sigeren til Tyskland sidan 1982, og den fyrste sigeren til Tyskland som eit sameint land.
Sigeren til Meyer-Landrut fekk mykje merksemd i Tyskland, og finalen blei sett av 14,69 millionar sjåarar på tysk fjernsyn – ein marknadsandel på 49,1.[15] Dagen etter finalen landa Meyer-Landrut i Hannover, og ho blei møtt av over 40 000 menneske på flyplassen.[16]
Salssuksess
Dagen etter sigeren i tyske Unser Star für Oslo sette Meyer-Landrut listerekord i Tyskland, då alle tre finalebidraga hennar debuterte på topp fem på den tyske singellista.[17] Både «Satellite» og det fyrste albumet hennar, My Cassette Player, debuterte på nummer éin på den tyske singel- og albumlista. «Satellite» har blitt sertifisert med dobbelt platina, og albumet har blitt sertifisert med fem gongar gull etter å ha seld over 500 000 eksemplar.[2][3][4] Vinnarsongen «Satellite» blei liggjande på topp i fem veker, og han gjekk også inn på hitlistene i Austerrike og Sveits.
Etter sigeren i Eurovision Song Contest 2010 gjekk «Satellite» også rett inn på fyrsteplass på norske VG-lista.[18] Utanom dei norske vinnarbidraga «Fairytale» (2009) og «La det swinge» (1985) var dette fyrste gongen på 28 år at ein Eurovision-vinnar toppa VG-lista. Førre gongen var også ein tysk vinnarsong: «Ein bißchen Frieden[19]» frå 1982.[20] «Satellite» gjekk også til topps på singellistene i Sverige, Danmark, Sveits og Finland.
Listeplasseringar og sertifiseringar
Listeplasseringar
Liste (2010) | Høgaste plassering |
Veker på lista |
Debutdato |
---|---|---|---|
![]() |
2 | 24 | 26. mars 2010 |
![]() |
37 | 1 | 13. juni 2010 |
![]() |
4 | 12 | 5. juni 2010 |
![]() |
6 | 5 | 5. juni 2010 |
![]() |
1 | 10 | 4. juni 2010 |
![]() |
1 | – | 2010 |
![]() |
1 | 7 | Veke 22 2010 |
![]() |
2 | 5 | 3. juni 2010 |
![]() |
1 | – | Veke 24 2010 |
![]() |
1 | – | 29. mai 2010 |
![]() |
5 | 9 | 5. juni 2010 |
![]() |
1 | 13 | Veke 22 2010 |
![]() |
5 | – | 2010 |
![]() |
6 | 30 | Veke 23 2010 |
![]() |
23 | 2 | 30. mai 2010 |
![]() |
30 | 3 | 12. juni 2010 |
![]() |
1 | 24 | 28. mars 2010 |
![]() |
1 | 18 | 28. mai 2010 |
![]() |
25 | 39 | Veke 19 2010 |
![]() |
1 | 41 | 26. mars 2010 |
![]() |
3 | 18 | Veke 22 2010 |
Sertifiseringar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.