Stortingsrepresentantar 2021-2025

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Stortingsrepresentantar 2021-2025
Remove ads

Liste over alle stortingsrepresentantar i perioden 2021 til 2025 omfattar alle som vart valde til Stortinget ved stortingsvalet 2021, 13. september 2021.

Thumb
Masud Gharahkhani er stortingspresident denne perioden.

Det var totalt 169 mandat på val.[1][2] 150 av desse var distriktsmandat, og i tillegg blei det valt eit utjamningsmandat frå kvar valgkrins (i alt 19). I samsvar med paragraf 68 i den norske grunnlova, tredde dei nye stortingsrepresentantane saman den fyrste «syknedagen» (vyrkedagen) i oktober, i dette tilfellet fredag 1. oktober 2021.[3]

Dei 169 mandata blei fordelte med 48 til Arbeidarpartiet (Ap), 36 til Høgre (H), 28 til Senterpartiet (Sp), 21 til Framstegspartiet (FrP), 13 til Sosialistisk Venstreparti (SV), 8 til Venstre (V), 8 til Raudt (R), 3 til Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), 3 til Kristeleg Folkeparti (KrF) og 1 til det nye partiet Pasientfokus (PF), som kun stilte liste i Finnmark. Raudt kom for fyrste gang over sperregrensa på 4 %, og partiet fekk difor delta i fordelinga av utjamningsmandat. KrF kom for fyrste gong under sperregrensa, men fekk vald inn tre distriktsrepresentantar.[4]

Dei 19 utjevningsmandata blei fordelte med fem mandat kvar til SV og Venstre, fire kvar til Framstegspartiet og Raudt og eit mandat til Høgre.[1]

Den nye fylkesinndelinga frå 1. januar 2020, som følgje av regionreforma, gjorde at valet i 2021 i motsetning til dei føregåande ikkje hadde samsvar mellom fylke og valdistrikt. § 57 i Grunnlova seier fortsatt at: «Riket er inndelt i 19 valgdistrikt.»[3] Vallova blei endra 4. juni 2018, slik at dei 19 fylka som eksisterte før regionreforma, framleis er valdistrikta i stortingsvalet.[5][6]

Som følgje av valget tiltredde Jonas Gahr Støre si regjering (Ap, Sp) 14. oktober 2021. Hansen, Eva KristinEva Kristin Hansen (Ap) blei vald til stortingspresident ved Stortingets konstituering. Ho trekte seg etter kort tid, og Masud Gharahkhani (Ap) overtok embetet 25. november.

Remove ads

Representantane

Kvinneandelen blant dei valde representantane var 45 prosent (76 kvinner og 93 menn). Gjennomsnittsalderen ved starten av valgperioden var 45,7 år. Dei yngste representantane var Åse Kristin Bakke (Ap, Møre og Romsdal) og Tobias Drevland Lund (R, Telemark), begge på 25 år.[7] Carl I. Hagen (FrP, Oppland) var eldst, 77 år.[8]

Gro-Anita Mykjåland stod øverst på listene til Senterpartiet både i Aust-Agder og Vest-Agder. Ho blei vald inn frå begge distrikta. Etter § 63 i Grunnlova skal representanten då velje kva for eit val hun tek imot, og Mykjåland valde Aust-Agder.[9]

Fyrste kolonne i tabellen under indikerar kor i stortingssalen representantane sit (sete nummer 1 er foran til venstre sett frå talarstolen).[10]

Remove ads

Representantar

Namn på representantar markert med rosa farge er utjamningsmandat.

Meir informasjon Sete, Namn ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads