From Wikipedia, the free encyclopedia
Stemmerettsalder er den alderen ein skal ha for å kunna få stemmerett i ein viss samanheng. Ein utbreidd alder for allmenn stemmerett i verda i dag er 18 år. Då allmenne stemmerett blei innført var aldergrensa typisk 21 år. Det finst også døme på grenser på 16 år, særleg ved meir lokale val. Ein kan ha lågare stemmerettsalder ved andre val, til dømes har ein stemmerett ved kyrkjeval i Noreg frå det året ein fyller 15.
Nokre land påbyr innbyggjarar av ein viss alder å stemma. Andre har ulik alder ut frå om ein er gift eller ikkje, om ein er i arbeid, eller hindrar tilsette i militæret eller politiet frå å stemma. Berre eitt land har ein maksimumsalder for å stemma: I Vatikanstaten kan berre kardinalar under 80 velja ein ny pave.
18 er aldersgrensa for å stemma som er vanlegast på verdsbasis, medan ein del land held seg til 21-årsgrense. Land med ei aldergrense på 17 er til dømes Aust-Timor, Indonesia, Nord-Korea, Seychellane og Sudan. 16 års aldersgrense finn ein i Austerrike, Brasil, Cuba, Nicaragua og Isle of Man. Folk i alderen 16–18 kan stemma i Bosnia, Serbia og Montenegro om dei er i arbeid.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.