Eurovision Song Contest 2014

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eurovision Song Contest 2014
Remove ads

Eurovision Song Contest 2014 (ESC 2014), offisielt 59. Eurovision Song Contest, var den 59. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i B&W Hallerne i København i Danmark, med semifinalar 6. og 8. mai og finale 10. mai 2014.[1] Programleiarane var Lise Rønne, Nikolaj Koppel og Pilou Asbæk. For fyrste gong vart programleiartrioen sett saman av to menn og éin kvinne.[2]

Kjappe fakta #JoinUs, Dato ...

Datoane for tevlinga vart fyrst sett til 13., 15. og 17. mai, men vart seinare endra av DR i samband med Den europeiske kringkastingsunionen.[1][3]

Det danske kongehuset vart representert av kronprins Frederik av Danmark, kronprinsesse Mary av Danmark, prins Christian av Danmark, prinsesse Isabella av Danmark, prins Vincent av Danmark og prinsesse Josephine av Danmark, som gjestar under finalen. Mary, Christian og Isabella var òg med under familieprøvane til den andre semifinalen, der den australske kringkastaren SSB hadde fått høve til å stå for pauseunderhaldninga. Dei valde truleg å vitja denne semifinalen på grunn av at kronprinsessa kjem frå Australia.[4]

Montenegro og San Marino kvalifiserte seg til finalen for fyrste gong sidan debutane i høvesvis 2007 og 2008.


Remove ads

Hendingar

Krimhalvøya

Etter Den ukrainske revolusjonen i 2014, Den russiske militærinvasjonen i Ukraina i 2014 og Krimkrisen 2014, som enda med Russland si annektering av Krimhalvøya, vart det stadfesta av Den europeiske kringkastingsunionen og DR i slutten av april 2014 at røystene frå Krimhalvøya vil verte rekna som ukrainske på grunn av teleoperatørane i område.[5][6]

Semifinale 1

Den fyrste semifinalen vil verte kringkasta 6. mai frå B&W Hallerne i København. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og tre av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, vil kvalifisere seg til finalen. Danmark, Frankrike og Spania må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen. EBU vil kunngjøre poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skal verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.

Meir informasjon #, Land ...

Semifinale 2

Den andre semifinalen vil verte kringkasta 8. mai frå B&W Hallerne i København. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen, og to av dei direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen, vil kvalifisere seg til finalen. Italia, Storbritannia og Tyskland må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen. EBU vil kunngjøre poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skal verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.

Meir informasjon #, Land ...
Remove ads

Finalen

Finalen vil verte kringkasta 10. mai 2014 frå B&W Hallerne i København. Berre «dei fem store», som er sett saman av Frankrike, Spania, Storbritannia, Tyskland og Italia, og vertslandet Danmark er direktekvalifisert til finalen. I tillegg til desse fekk dei 20 beste frå dei to semifinalane delta.

Meir informasjon #, Land ...

Tidlegare deltakarar

  • San MarinoValentina Monetta representerte San Marino i 2012 og 2013.
  • Makedonia – Støttevokalisten Tamara Todevska representerte Makedonia i 2008.
  • Romania – Paula Seling og Ovi representerte Romania i 2010, og vil verte den fyrste duoen som deltek to gonger i tevlinga.
  • Sverige – Låtskrivaren Fredrik Kempe representerte Sverige i 2008, 2009 og 2011 og Noreg i 2010; alle gongane som låtskrivar.

Andre land

  • AndorraRàdio i Televisió d'Andorra informerte ein Eurovision-nettstad om at landet ikkje ville delta på grunn av finansielle grunnar.[7]
  • BulgariaBŭlgarska natsionalna televiziya annonserte fyrst at Bulgaria ville delta, men 22. november 2013 annonserte dei at landet ikkje ville delta på grunn av budsjettkutt og finansielle grunnar.
  • KroatiaHrvatska radiotelevizija annonserte 19. september 2013 at Kroatia ikkje ville delta på grunn av Eurokrisa, og dårlege resultat i tevlinga mellom 2010 og 2013. Siste gong Krotia kvalifiserte seg til finalen var i 2009.
  • Kypros – 3. oktober 2013 annonserte Padiofonikó Ídruma Kúprou at Kypros ikkje vil delta på grunn av det kypriotiske folket sin meining om Den kypriotiske finanskrisa 2012-13 og økonomiske restriksjonar. Ein annan kypriotisk kringkastar, Sigma TV, gav Padiofonikó Ídruma Kúprou eit tilbod om å sponsing og visekonsernsjefen i kanalen sa: «Me er viljuge til å produsere den nasjonale uttakinga og gje ut pengar til naudsynte utgifter for songen og songaren, slik som MAD TV gjorde for Hellas i fjor... Det er aldri for seint for Padiofonikó Ídruma Kúprou å endra meining, det er endå tid».[8]
  • TsjekkiaČeská televize stadfesta 30. september 2013 at Tsjekkia ikkje vil delta på grunn av låge sjåartal og dårlege resultat tidlegare i tevlinga.[9]
  • Hellas – Den greske regjeringa har stengd Ellinikí Radiofonía Tileórasi, noko som gjorde framtida til Hellas i tevlinga utrygg.[10] The Event Supervisior of the Eurovision Song Contest sa fylgjane om Hellas deltaking: «EBU vil gjere sitt beste for å få Hellas med, gitt det faktum av den spesielle hending». Det vart òg sagt at den greske regjeringa må skipa ein ny kringkastar, Néa Ellinikí Padiofonía, Ínternet kai Tileópasi, for at landet skal ha høve til å delta.[11] Dimosia Tileorasi, ein førebels kanal, informerte til ESCToday.com at landet mest sannsynleg vil delta i tevlinga.[12] 22. november 2013 stadfesta Hellas at dei ville delta.[13]


Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads