Eurovision Song Contest 2003
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eurovision Song Contest 2003 var den 48. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen blei arrangert laurdag 24. mai 2003 i Skonto-hallen i den latviske hovudstaden Riga. Arrangør var Latvijas Televīzija, og dette var andre året på rad at konkurransen blei arrangert i Baltikum, etter at Estland hadde arrangert finalen i 2002. Programleiarar var fjorårsvinnar Marie N og Renārs Kaupers frå bandet Brainstorm, som deltok for Latvia i 2000. EBU hadde dette året sett talet på deltakarar til 26 land, noko som var ny rekord. No måtte også alle land bruke telefonavrøysting, dette for å unngå at land kunne bytte jurypoeng.
Remove ads
Etter ei svært jamn avrøysing vann Tyrkia og Sertab Erener ein knapp siger med «Everyway That I Can». Dette var den fyrste sigeren til Tyrkia i konkurransen. Like bak følgde Belgia og russiske t.A.T.u.. Noreg var tilbake etter fråværet i 2002 og enda på fjerdeplass med Jostein Hasselgård og balladen «I'm Not Afraid to Move On», mens Sverige blei nummer fem. Det norsk-svenske forholdet blei etter finalen gjenstand for stor pressedebatt då den norske kommentatoren, Jostein Pedersen, kommenterte at den svenske duoen Fame hadde like stor utstråling «som bokhyllen Ivar fra IKEA».
Storbritannia hamna for fyrste gang heilt sist med null poeng, mens vertslandet Latvia enda tredje sist. Dette var fyrste gongen sidan 1995 at vertsnasjonen ikkje enda i topp 10, og det var det verste resultatet til ein vertsnasjon sidan 1992.
Dette var siste året Eurovision Song Contest blei halden på tradisjonelt vis, med berre ein finalesending. Året etter innførte EBU semifinale i forkant av finalen, noko som gjorde at alle land som ønskte det, fekk delta kvart år. Kvalifiseringsordninga som hadde vore i bruk sidan 1994, blei også avvikla etter 2003.
Remove ads
Bakgrunn

Etter å ha vunne med låten «I Wanna» i Tallinn året før, var Latvia vertskap for Eurovision Song Contest for fyrste gong. Latvia debuterte så seint som i 2000, og landets fyrste siger kom allereie på tredje forsøk. For den latviske ållmennkringkastaren LTV innebar arrangementet difor eit stor økonomisk løft, både budsjett- og investeringsmessig. Lenge såg det ut til at kringkastaren ikkje ville ha råd til å halde finalen, og så seint som mars 2003 truga EBU med å flytte konkurransen til Sverige.[1][2] Til slutt gjekk den latviske regjeringa og byrådet i Riga inn med nok midlar til at LTV kunne klare å arrangere finalen.
Fleire byar blei vurderte som arrangørbyar, men i august 2002 offentleggjorde LTV at finalen skulle haldast i Skonto-hallen i Riga med plass til rundt 6500 tilskodarar.[3] Datoen blei sett til laurdag 24. mai.[4] Også dette året hadde arrangørane laga eit eige slagord for konkurransen: «Magical Rendez-vous» (norsk 'magisk møte').
Nye reglar
EBU innførte dette året fleire nye reglar. For det fyrste ble talet på deltakarar sett til rekordhøge 26 land.[5] I tillegg vedtok unionen nye prinsipp for å kåre ein vinnar dersom fleire land skulle dele fyrsteplassen. No var vinnaren det landet som hadde fått poeng frå flest land.[6] Tidlegare hadde EBU tald talet på toppoeng: Det landet som hadde fått 12 poeng frå flest land, blei kåra til vinnar. Var det likt på 12-poenga, talde man deretter talet på 10-poenga og så vidare nedover. Den regelen blei brukt ein gong; i 1991 vann svenske Carola hårfint foran Frankrike. Sverige vann fordi dei hadde fått 10 poeng frå fleire land enn Frankrike. Regelen førte også til at Latvia kvalifiserte seg til finalen i 2002, mens Nederland, som fekk like mange poeng i 2001, ikkje kvalifiserte seg. Latvia vann finalen i 2002.
Ei tredje regelendring var kravet om at alle land heretter måtte bruke 100 prosent telefonavrøysting.[5][6] Åra i forvegen hadde EBU opna for å bruke ein 50/50-kombinasjon mellom telefon- og juryrøyster, noko som hadde ført til skuldingar om at enkelte land bytta juryrøyster. Skuldingane toppa seg etter 2002, og det var bakgrunnen for at EBU heretter sette krav om 100 prosent telefonrøyster. Men Bosnia-Hercegovina og Russland fekk bruke jury, sidan telenettet i desse landa nådde under 80 prosent av folkesetnaden i landet.[7]
Siste året med ei sending
Den største regelendringa var innføringa av ein semifinale frå og med 2004.[6][8] Etter 1993 hadde talet på deltakarland auka så kraftig at EBU måtte innføre ulike kvalifiseringsordingar for å halde talet på deltakarland nede på 23–25. I 1994 og 1995 brukte ein utslagsmetoden, der dei dårlegaste plasserte landa blei ekskluderte frå finalen året etter. I 1996 heldt EBU ein hemmeleg kvalifiseringrunde, og i perioden 1997–2001 blei landa vurderte ut frå korleis dei hadde gjort det i den forutgående femårsperioden: Landa som hadde lågast gjennomsnittleg poengsum, måtte stå over konkurransen eitt år. Frå 2002 vende EBU tilbake til utslagsmetoden, noko som innebar at dei dårlegaste plasserte landa i 2001 ikkje fekk delta i 2002. Det gjorde at Noreg måtte stå over etter å ha komme på sisteplass i 2001.
Utslagsmetoden gjeldt også for 2003, og dei fem dårlegaste plasserte landa i 2002 var dimed ikkje kvalifiserte: Danmark, Finland, Litauen, Makedonia og Sveits. Til gjengjeld var Irland, Island, Nederland, Noreg, Polen og Portugal tilbake etter fråværet i 2002. I tillegg debuterte Ukraina i konkurransen.
EBU innsåg at ingen av kvalifiseringsmetodane var berekraftige og vedtok difor å innføre ein semifinale frå og med 2004. Det innebar at dei ti beste landa i 2003 i tillegg til dei fire store landa (Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland) var direktekvalifiserte til finalen i 2004.[9] Dei tolv dårlegaste landa i 2003, i tillegg til landa som måtte stå over i 2003 og eventuelle nykommarar, måtte gjennom ein semifinale tre dagar før finalen. Dei ti beste i semifinalen kvalifiserte seg til finalen, slik at til saman 24 land deltok i finalen.[8] I 2008 blei systemet endra til to semifinalar, og berre vinnaren og dei fem store landa er direktekvalifiserte til finalen det påfølgjande året. Dette systemet er fortsatt i bruk.
Remove ads
Sendinga
Programmet starta med at programleiarane Marie N og Renārs Kaupers kom på scena og ønskte velkommen. Deretter helsa dei på ulike personlegdommar via satellitt: Lys Assia, den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest i 1956 var med frå Nikosia i Kypros, mens Elton John var med direkte frå arrangementet Life Ball i Wien.[10][11] I tillegg fekk sjåarane helse på den USA-amerikanske astronauten Ed Lu og den russiske kosmonauten Jurij Malentsjenko direkte frå Den internasjonale romstasjonen.[12]
Deretter starta konkurransen. Etter ei loddtrekking halden i Riga 29. november 2002, fekk Island opne, mens Slovenia avslutta. Noreg fekk startnummer 18.[13] Alle 26 finalelåtar blei gjevne ut på eit eige samlealbum. For fyrste gong var det plateselskapet EMI/CMC som gav ut albumet.[14]

Blant favorittane var den russiske superduoen t.A.T.u. som hadde hatt stor suksess med blant anna «All the Things She Said» og «Not Gonna Get Us». Dette året deltok de for Russland med den russiskspråklige «Ne ver, ne bojsia» (ikkje tru, ikkje frykt). Duoen hadde tidlegare spelt på eit lesbisk uttrykk og truga på førehand med å kle seg nakne på scena under Eurovision Song Contest.[15] I tillegg hadde duoen langa ut mot konkurrentane sine under flere pressekonferansar, blant annet mot den tyske artisten Lou.[16] Dei klaga også på produksjonen og lyssetjinga og ble etter kvart svært upopulære blant presse og fans.[17] Under finalen blie duoen møtt av kraftig buing frå publikum, det same gjentok seg kvar gong Russland fekk 12 poeng under avrøystinga. Produsentane av showet var også parate til å bruke opptaket frå generalprøven til Russland om t.A.T.u. skulle finne på å kle seg nakne under direktesendinga.[18] Duoen beholdt imidlertid klærne på under opptredenen sin.[19][20]
Pausenummeret var ein kortfilm som inneheldt ein sekvens med ulike framsyningar av den latviske folkloregruppa Iļģi, bandet til Renārs Kaupers Brainstorm, Marie N og pianisten Raimonds Pauls.[21] Filmen var regissert av Anna Viduleja.
På førehand hadde spelselskapet William Hill sett Russland og Spania som favorittar til å vinne konkurransen. Irland, Slovenia, Estland, Noreg og Island låg like bak.[22] Men vinnarkampen skulle stå mellom to andre land: Belgia og Tyrkia. Og Austerrike som var tippa å komme sist, enda på ein sjetteplass – den beste plasseringa til Austerrike på 14 år.[22]
Tyrkia, representert av superstjerna Sertab Erener, vann konkurransen berre to poeng føre Belgia og tre poeng føre Russland. Dette var fyrste gongen Tyrkia framførte bidraget sitt fullt ut på engelsk. I ettertid reagerte Russland sterkt på at fleire land der t.A.T.u. hadde hatt kommersiell suksess, gav få eller ingen poeng til Russland.[23] Korkje Irland eller Storbritannia gav t.A.T.u. poeng, mens Sverige og Noreg gav 2 poeng kvar. Då det seinare viste seg at Irland hadde måttet bruke reservejuryen sin på grunn av teknisk feil med telefonavrøystinga i landet, meinte Russland at dette hadde kosta dei sigeren.[24][25] Protestane frå Russland fekk EBU til å sjå nærmare på dei irske poenga, men unionen fann ingen feil.[26] Den irske kringkastaren RTÉ publiserte til slutt dei forkastende irske telefonrøystene. Dei viste at Tyrkia framleis ville ha vunne, men at Russland ville ha komme på andreplass føre Belgia.[27] Dei russiske protestane blei difor ikkje tatt til følgje.
Det norske bidraget

Noreg var tilbake etter å ha måtta stå over i 2002. Den norske representant var Jostein Hasselgård og låten «I'm Not Afraid to Move On», skriven av Arve Furset. Hasselgård vann den norske finalen som blei arrangert 1. mars i Oslo Spektrum.
Men etter finalen var det pausenummeret som skapte mest merksemd. A cappella-gruppa Cheezy Keys skulle lage eit nummer som skulle portrettere kulturen og musikken i vertslandet Latvia. I staden dukka dei opp på scena med russiske kulturelement som balalaikaar, kosakkuniformer og matrjosjkadokker. Blemma vekte eit kraftig raseri og sinne i Latvia og skapte nærmast diplomatiske forviklingar mellom Noreg og Latvia.[28][29] Rasande latviarar truga med å boikotte norske varer, og den latviske ambassaden sende straks eit protestbrev til NRK.[30] NRK la seg flate og beklaga pauseinnslaget, og den norske ambassadøren til Latvia beklaga personleg overfor Latvias president, Vaira Vīķe-Freiberga.[31][32] Det latviske sinnet gav seg raskt, og Noreg fekk 7 poeng av latviske tv-sjåarar under Eurovision-finalen i mai.
Utdjupande artikkel for dette emnet er Melodi Grand Prix 2003.
På scena i Riga var Noreg det 18. bidraget ut på scena, med Jostein Hasselgård sitjande ved eit svart flygel. Med på scena var koristane Håvard Gryting, Åshild Stensrud, Lars Aass og Karin Kvalvaag.[33] Jostein Pedersen kommenterte sendinga for både NRK1 og P1, mens Roald Øyen las dei norske poenga via satellitt frå Oslo. 1 470 000 følgde finalen på NRK1, ei kraftig auking frå året før, då Noreg ikke deltok.[34]
Kommentator-bråk
Etter Eurovision Song Contest fekk den norske kommentatoren Jostein Pedersen mykje merksemd. Under direktesendinga langa han ut mot det svenske bidraget, «Give Me Your Love», framført av duoen Fame. Pedersen kalla songen for ein «melkeblek ABBA-kopi» og kommenterte vidare at Fame hadde «like mye utstråling som bokhyllen Ivar fra IKEA». Kommentarene skapa sinne i Sverige og fyrstesideoppslag i Noreg. Dei svenske protestane førte til at EBU foretok en granskning av kommentarane til Pedersen, utan at det blei nokon konsekvensar i ettertid.[35][36][37]
Avrøystinga
Kvart land gjennomførte ei telefonavrøysting der dei ti mest populære songane fekk poeng i valørane 1–8, 10 og 12, men Polen brukte berre SMS-avrøysting.[38] Landa røysta i same rekkjefølgje som dei hadde delteke i på scena. Bosnia-Hercegovina og Russland fekk løyve til å bruke juryar, siden telenettverket i landa nådde under 80 prosent av folkesetnaden.[5][7] Det kunne maksimalt røystast tre gongar frå kvar telefon.[5] Kvart land hadde også ein reservejury på åtte personar som skulle brukast dersom det skjedde ei svikt i telefonavrøystinga. Dette skjedde i Irland, der kringkastaren RTÉ ikkje mottok telefonrøystene i tide. Difor brukte Irland i staden sin reservejury. Resverejuyen bestod av åtte personar som skulle ha ein balanse både i alder og kjønn. Fire av medlemmane skulle vere lekfolk, mens fire skulle være profesjonelle musikkfolk.[5] Sarah Yuen frå EBU var overdommar for avrøystinga, og dette var fyrste gongen poengtavla ble rangert etter poengsum undervegs i avrøystinga, og ikkje etter startnummer. Dette gjorde det enklare for sjåarane å ha oversikt over stillinga til einkvar tid.
Det blei ei svært jamn avrøysting der Noreg tok leiinga i byrjinga. Etter kvart tok Belgia leiinga og fekk til slutt følgje av Tyrkia og Russland. Mot slutten leia Belgia klårt, og resultatet såg ut til å vere avgjort. Men nest siste land, Sverige, gav ikkje Belgia nokon poeng, mens Tyrkia fekk åtte. Dermed var det Slovenia som siste land som avgjorde. Dei gav berre tre poeng til Belgia, mens Tyrkia fekk ti poeng. Dimed vann Tyrkia med berre to poengs margin. Russland blei nummer tre, berre tre poeng bak Tyrkia, men klarte aldri å nå heilt opp i leiinga. Dette var den fyrste sigeren til Tyrkia i konkurransen. 2003 blei også eit godt nordisk år: Noreg blei nummer fire, Sverige blei nummer fem, mens Island hamna på ein åttandeplass. Finland og Danmark deltok ikkje dette året.
Remove ads
Deltakarar
Rekkjefølgja i framføringa står i kolonna til venstre mens sluttresultat er ført opp som plass i kolonna nest sist til høgre.
Startnr. | Land | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
01 | ![]() |
Birgitta | «Open Your Heart» | Engelsk | 8 | 81 |
02 | ![]() |
Alf Poier | «Weil der Mensch zählt» | Tysk | 6 | 101 |
03 | ![]() |
Mickey Harte | «We've Got the World» | Engelsk | 11 | 53 |
04 | ![]() |
Sertab Erener | «Everyway That I Can» | Engelsk | 1 | 167 |
05 | ![]() |
Lynn Chircop | «To Dream Again» | Engelsk | 25 | 4 |
06 | ![]() |
Mija Martina | «Ne brini» | Kroatisk, engelsk | 16 | 27 |
07 | ![]() |
Rita Guerra | «Deixa-me sonhar (só mais uma vez)» | Engelsk, portugisisk | 22 | 13 |
08 | ![]() |
Claudia Beni | «Više nisam tvoja» | Kroatisk, engelsk | 15 | 29 |
09 | ![]() |
Stélios Konstantás | «Feeling Alive» | Engelsk | 20 | 15 |
10 | ![]() |
Lou | «Let's Get Happy» | Engelsk | 11 | 53 |
11 | ![]() |
t.A.T.u. | «Ne ver, ne bojsia» (Не верь, не бойся) | Russisk | 3 | 164 |
12 | ![]() |
Beth | «Dime» | Spansk | 8 | 81 |
13 | ![]() |
Lior Narkis | «Milim la'ahava» (מילים לאהבה) | Engelsk, hebraisk | 19 | 17 |
14 | ![]() |
Esther Hart | «One More Night» | Engelsk | 13 | 45 |
15 | ![]() |
Jemini | «Cry Baby» | Engelsk | 26 | 0 |
16 | ![]() |
Oleksandr Ponomarjov | «Hasta la Vista» | Engelsk | 14 | 30 |
17 | ![]() |
Mandó | «Never Let You Go» | Engelsk | 17 | 25 |
18 | ![]() |
Jostein Hasselgård | «I'm Not Afraid to Move On» | Engelsk | 4 | 123 |
19 | ![]() |
Louisa Baïleche | «Monts et merveilles» | Fransk | 18 | 19 |
20 | ![]() |
Ich Troje | «Keine Grenzen – Żadnych granic» | Tysk, polsk, engelsk | 7 | 90 |
21 | ![]() |
F.L.Y. | «Hello From Mars» | Engelsk | 24 | 5 |
22 | ![]() |
Urban Trad | «Sanomi» | Kunstig språk | 2 | 165 |
23 | ![]() |
Ruffus | «Eighties Coming Back» | Engelsk | 21 | 14 |
24 | ![]() |
Nicola | «Don't Break My Heart» | Engelsk | 10 | 73 |
25 | ![]() |
Fame | «Give Me Your Love» | Engelsk | 5 | 107 |
26 | ![]() |
Karmen Stavec | «Nanana» | Engelsk | 23 | 7 |
Røystegjeving
12 poeng
Under er lista over landa som fekk 12 poeng.
Remove ads
Kommentatorar og poengopplesarar
Poengopplesarar
Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå sitt land på engelsk eller fransk over satellitt.[39] Under er talspersonene i samme rekkefølge som under avstemningen.
Island – Eva María Jónsdóttir
Austerrike – Dodo Roscic
Irland – Pamela Flood
Tyrkia – Meltem Ersan Yazgan
Malta – Sharon Borg[40]
Bosnia-Hercegovina – Ana Vilenica
Portugal – Helena Ramos
Kroatia – Davor Meštrović[41]
Kypros – Loukas Hamatsos
Tyskland – Axel Bulthaupt
Russland – Jana Tsjurikova
Spania – Anne Igartiburu
Israel – Michal Zo'aretz
Nederland – Marlayne
Storbritannia – Lorraine Kelly
Ukraina – Ljudmila Khariv[42]
Hellas – Aléxis Kostálas[43]
Noreg – Roald Øyen
Frankrike – Sandrine François[44]
Polen – Maciej Orłoś
Latvia – Ģirts Līcis[45]
Belgia – Corinne Boulangier
Estland – Ines
Romania – Leonard Miron
Sverige – Kattis Ahlström
Slovenia – Peter Poles
Kommentatorer og sendinger
Dei fleste landa som overførte finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Alfabetisk oversikt over kommentatorar og sendingar under Eurovision Song Contest 2003:[46]
Remove ads
Andre utmerkelser
I tillegg til det offisielle vinnertrofeet, ble det delt ut flere priser og utmerkelser i forbindelse med konkurransen. Blant dem var den offisielle Marcel Bezençon Awards og den fan-baserte Barbara Dex Award.
Marcel Bezençon Awards
Utdjupande artikkel for dette emnet er Marcel Bezençon Awards.
Marcel Bezençon Awards blei fyrst delt ut under Eurovision Song Contest 2002 og er ei utmerking til dei beste songane i finalen. Prisen blei oppretta av Christer Björkman og Richard Herrey. Utmerkinga er kalla opp etter skaparen av Eurovision Song Contest, Marcel Bezençon, og blir delt ut i tre kategoriar: presseprisen, artistprisen og låtkskrivarprisen. Prisane blei offentleggjorde like før finalen.[84]
Barbara Dex Award
Utdjupande artikkel for dette emnet er Barbara Dex Award.
Barbara Dex Award var ein uoffisiell og humoristisk fan-pris som blei delt ut årleg fram til 2021 av den belgiske nettsida songfestival.be. Utmerkinga blei tildelt den verst kledde artisten, ut frå røystene til fans og vitjande på sida. Prisen var kalla opp etter den belgiske artisten Barbara Dex, som i eit eigensydd plagg kom på sisteplass i 1993.[85] Under er vinneren som ble stemt frem av fansen i 2003:[86]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads