Fjordar i Noreg

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Fjordar i Noreg
Remove ads

Norske fjordar er kjende verda over, og står som eit symbol på den norske naturen. Det er opp mot 1190 namngjevne fjordar i Noreg, og norskekysten er eitt av områda i verda med flest fjordar. Noreg har òg fleire av dei lengste fjordane i verda, med Sognefjorden på 204 km som den lengste. Flest fjordar finn ein i langstrekte Nordland, som har opp mot 300 fjordar, medan Finnmark har kring 200. To av fjordane, Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, står på verdsarvlista for naturområde.

Thumb
Geirangerfjorden.

Fjordane i Noreg blei danna under istida, då heile landet var dekke av is. Dei norske fjordane skil seg ut som særs dramatiske, med bratte fjellsider og fossar. Samstundes skjer fjordane djupt inn i landet, og er folkesette der det går an. Fjordane er også noko lettare å vitja, i det minste for europearar, enn fjordane på Grønland eller New Zealand.

Remove ads

Nasjonalsymbol

Her ser eg fagre fjord og bygder
som mange gamle kjemper bar.

A.O. Vinje
«Frå Sundnes», 1860

Fjordane som nasjonalt symbol blei «oppdaga» av britiske og tyske romantikarar, og mellom anna skildra av målaren Francis Danby og vitja av keisar Vilhelm II av Tyskland. Dei blei seinare skildra også av norske kunstnarar.

I seinare populærkultur er fjordane blitt nemnde av mellom anna humoristar som Monty Python (den daude norske papegøyen «lengtar etter fjordane») og Douglas Adams (der Slartibartfast i The Hitchhiker's Guide to the Galaxy er svært stolt over å ha skapt dei norske fjordane).

Remove ads

Ordsoge

Norske fjordar har som regel fjord som siste del av namnet sitt, men dei kan òg kallast til dømes poll, botn, sund, eller vuotna‎, som er samisk for fjord. I Noreg nyttar ein ikkje berre nemninga fjord om eit sjøstykke med land på begge langsider og som er lukka i eine enden. Nemninga kan òg vere bruka om ei seglingslei eller eit havstykke som er omgjeven av holmar, øyar eller fastland på begge sider. Ein lang innsjø med enkel, langstrakt form kan òg ha nemninga fjord.

Ordet «fjord» er eksportert til andre språk, som engelsk 'fiord' og tysk 'Fjord', men ordet har der ei snever tyding som samsvarar med det om er «ekte fjordar» i vitskapleg terminologi.

Remove ads

Lengste fjordar i Noreg

Fastlandet

Thumb
Skjematisk kart over fjordar i Noreg.

Sognefjorden er den lengste fjorden i Noreg med ei lengd på 204 km frå Sognesjøen til botn av Lustrafjorden. Hardangerfjorden er den nest lengste på 179 km. Sognefjorden er den nest lengste fjorden i verda etter Scoresbysundet på Grønland, medan Hardangerfjorden er den tredje lengste. Vestfjorden vert offisielt rekna som eit havstykke og ikkje ein fjord, og er derfor ikkje rekna som den lengste fjorden i landet, sjølv om han har ei lengd på om lag 230 km.

Meir informasjon Namn, Lengd (km) ...

Svalbard

Storfjorden som er namnet på området mellom Spitsbergen i vest og Barentsøya og Edgeøya i aust har ei lengd på over 130 km, men er ikkje teke med på denne lista.

Meir informasjon Namn, Lengd (km) ...

Liste over norske fjordar

Lista under inneheld dei aller fleste fjordane i Noreg og på Svalbard, inkludert havarmar, havområde og sund som vert kalla «fjord» i Noreg. Dei aller minste fjordane (hovudsakleg mindre enn 1 km lange) er stort sett ikkje teke med. Fjordane er sortert i rekkefølgje frå grensa mot Russland til grensa mot Sverige, og fjordane på Svalbard etter klokka. Fjordarmar og delfjordar er markert med ekstra innrykk og er sortert frå innløp til botn av fjorden, bortsett frå Vestfjorden i Nordland der fjordane er sortert innover langs Lofoten og så sørover på austsida av fjorden.

Jan Mayen og dei norske bilanda på den sørlege halvkula har ikkje fjordar.

Langs fastlandet

Finnmark

Thumb
Varangerfjorden
Varangerfjorden
Varangerhalvøya
Tanafjorden
Thumb
Smalfjorden inst Tanafjorden
Nordkinnhalvøya
Laksefjorden
Thumb
Porsangerfjorden.
Porsangerfjorden
Magerøya
Måsøy
Rolvsøya og Ingøya
Kvalsund og Kvaløya
Sørøya
Seiland
Alta
Thumb
Altafjorden
Thumb
Langfjorden sett frå E6
Stjernøya
Loppa

Troms

Kvænangen
Lyngen
Thumb
Kåfjorden og Lyngen sett frå Olderdalen. Nordnesodden ligg litt til venstre for midten av bilete.
Ullsfjorden
Tromsø, Karlsøy og Balsfjorden
Thumb
Nordkjosbotn i enden av Balsfjorden
Malangen
Thumb
Rossfjorden skjer seg inn i landet. Malangen lengre ute.
Thumb
Ersfjorden på Senja med Okshornan.
Senja
Andfjorden
Thumb
Harstad og Vågsfjorden i seine nattetimar
Thumb
Frå Tranøyfjorden
Thumb
Silsand og Gisundbrua med Laksfjorden bakom

Nordland

Rekkefølgen på fjordane i Nordland er sørover på vestsida av Lofoten, så inn vestsida av Vestfjorden og vidare sørover på austsida.

Vesterålen
Thumb
Gavlfjorden i midnattssol
Thumb
Nykan på nordsida av Åsanfjorden. Fjella ein ser er frå venstre Teisten (43 moh), Spjøten (135 moh) og Engenyken (174 moh)
Thumb
Eidsfjorden og fjellet Ræka sett frå Frøskeland
Thumb
Melbu og Hadselfjorden
Lofoten
Thumb
Steinsfjorden med Himmeltindan i bakgrunnen
Vestfjorden
Vestfjorden - Lofoten
Thumb
Innløpet til Austnesfjorden sett nordover nær Svolvær
Thumb
Trollfjorden frå 1890-1900.
Vestfjorden - Ofoten
Thumb
Sørskjomen, den inste delen av Skjomen
Thumb
Efjorden
Thumb
Stetind sett frå Tysfjorden
Vestfjorden - Salten
Thumb
Skutvik med Sagfjorden i bakgrunnen.
Thumb
Den indre delen av Sørfolda med det gamle dagbrotet Hammarfall
Thumb
Saltfjorden i nærleiken av Saltstraumen, sett vestover
Thumb
Svefjorden sett frå Saltstraumebrua og Saltstraumen
Thumb
Saltdalsfjorden sett frå austsida
Salten
Helgeland
Thumb
Træna og Trænfjorden sett frå Lovunden
Thumb
Munningen av Sjona.
Thumb
Dønnmannen med Skagafjorden i føregrunnen.
Thumb
Sju søstre ved Alstenfjorden
Thumb
Sandnessjøen og Ulvangen sett frå Løkvika på Angersneset
Thumb
Austre delen av Vefsnfjorden, med Mosjøen lengst sør
Thumb
Tjøtta ved Tjøttfjorden
Thumb
Torgfjorden sett frå Torghatten

Nord-Trøndelag

Frå Vika til Austra
Folda og Namdalen
Thumb
Namsos og Namsfjorden
Thumb
Seierstad ved Seierstadfjorden
Trondheimsfjorden
Thumb
Stjørdalshalsen og Stjørdalsfjorden. Rullebana til Værnes går utover i fjorden.

Sør-Trøndelag

Fosen
Thumb
Stokkøybrua over Linesfjorden til Stokkøya
Thumb
Botn av Åfjorden sett frå Melanakken.
Trondheimsfjorden
Thumb
Kart over Trondheimsfjorden
Thumb
Trondheimsfjorden sett sørfrå i Vikhammar
Trondheimsleia og Hitra

Møre og Romsdal

Thumb
Nordmøre sett frå fly. Utsikt søraust mot Todalen, Innerdalen og Sunndalen. De to fjordane til venstre i bildet, på venstre og høgre side av det lange, smale neset er Stangvikfjorden (som blir til Todalsfjorden lenger inn) og Ålvundfjorden (med Meisingsetvågen inn til høgre). Fjorden til høgre i bildet er Sunndalsfjorden. Foto: Janas.
Thumb
Surnadalsfjorden
Thumb
Batnfjorden sett frå søraust, mot bygda Gjemnes.
Nordmøre
Romsdal
Thumb
Utsyn over Romsdalsfjorden.
Thumb
Moldefjorden utanfor Molde
Sunnmøre
Thumb
Utsyn over ytre delar av Storfjorden mot vest.
Thumb
Hjørundfjorden fra sør mot nord fotograf og eigar av biltete:Eli Anne Tvergrov
Thumb
Syvdsfjorden sett austover frå nærleiken av Eidså

Sogn og Fjordane

Thumb
Ytst i Vanylvsfjorden
Thumb
Nordfjord ved fergestrekninga mellom Anda og Lote
Foto: Chell Hill
Nordfjord
Sunnfjord
Thumb
Gjelsvik i Førdefjorden
Sogn
Thumb
Kart over Sognefjorden.
Thumb
Sognefjorden.
Foto: Roger Wesson
Thumb
Fjærlandsfjorden.
Thumb
Nærøyfjorden

Hordaland

Thumb
Fedjefjorden ein stille sommarkveld
Thumb
Bergen sentrum med Byfjorden utanfor.
Thumb
Veafjorden sett nordover
Nordhordland og Bergen
Midthordland
Thumb
Fanafjorden sett frå Hordamuseumet
Thumb
Sævareidfjorden og Håvikamulen rett nord for Strandvik
Sunnhordland
Hardangerfjorden
Thumb
Kart over Hardangerfjorden.
Thumb
Samlafjorden.
Thumb
Kjeåsen i Eidfjord. Simadalsfjorden, den inste delen av Eidfjorden og Hardangerfjorden, ligg nedanfor

Rogaland

Thumb
Ølen og Ølsfjorden
Haugalandet
Boknafjorden
Thumb
kart over Boknafjorden.
Thumb
Utsikt frå Bokn mot Boknafjorden.
Thumb
Lysefjorden sett frå Kjerag
Thumb
Gandsfjorden sett frå Sandnes
Thumb
Saudafjorden
Jæren

Vest-Agder

Thumb
Sentrum av Flekkefjord og det smale sundet som går mellom Lafjord og Grisefjorden

Aust-Agder

Telemark

Thumb
Fjordsystemet i Grenland
Thumb
Grenlandsbrua over Frierfjorden

Vestfold

Fleire fylke

Thumb
Kart over Oslofjorden.

Østfold

Svalbard

Thumb
Kart over fjordar på Spitsbergen.
Spitsbergen
Thumb
Storfjorden på Svalbard.
Nordaustlandet
Edgeøya

Bakgrunnsstoff

Kjelder



Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads