Mohs hardleiksskala

ordinal skala som måler ripefastleiken til ulike mineral From Wikipedia, the free encyclopedia

Mohs hardleiksskala
Remove ads

Mohs hardleiksskala er eit mål for kor harde eller ripefaste ulike mineral er. Skalaen gjekk opphavleg frå 1 til 10, der 10 er mest ripefast. Eit materiale med hardleik på 7 etter Mohs skala kan laga riper i eit materiale med same hardleik og mindre, men ikkje i eit materiale med høgare verdi.[1]

Thumb
Mineral merka med kva tal dei har på Mohs hardleiksskala.

Metoden vart utvikla slik at ein kan nytte godt kjente mineral eller lett tilgjengelege material, for å finne kor ripefaste andre er. Skalaen er derfor ikkje lineær og hardleiken mellom nivåa på skalaen kan variere.

Skalaen vart skapt i 1812 av den tyske mineralogen Friedrich Mohs og er ein av fleire definisjonar på hardleik i materialvitskap.[2][3]

Metoden er ikkje nøyaktig nok til å nyttast i industrien der ein heller nyttar eit sklerometer for å måle absolutt hardleik til mineral og keram. Ein kan òg nytte Vickers hardleik eller Knoop hardleik for å lage nøyaktige målingar av hardleiken til mineral.[4][5]

Metoden er lite eigna til måle hardleiken på sprø material ved å ripe i dei.

Remove ads

Historie

Metoden med å samanlikne hardleik ved å sjå kva mineral kan ripe andre går attende til antikken. Han var først nemnd av Theofrastos i verket Peri teon Litheon Biblion frå ca. 300 f.Kr.[6] Plinius den eldre fortel i ca. år 77 korleis falske diamantar lèt seg ripe av ekte, og korleis nokre mineral lèt seg ripe av ei jernfil, medan andre ikkje i verket Naturalis Historia.[6][7][8]

Mineral

Mohs hardleiksskala for mineral tar utgangspunkt i eit naturleg materiale si evne til å ripe eit anna. Alle prøver som var nytta av Mohs er minerial. Mineral er reine stoff som ein finn i naturen. Stein er sett saman at eir eller fleire mineral.[9] Sidan diamant var det hardaste naturlege materialet ein kjente då skalaen vart laga står det øvst på skalaen. For å finne kor hardt eit materiale er, finn ein det hardaste materialet eit gitt material kan ripe og/eller det mjukaste materialet som kan ripe det gitte materialet. Til dømes, dersom eit materiale er ripa av apatitt, men ikkje av fluoritt, er hardleiken på Mohs skala mellom 4 og 5.[10]

Mohs skala er ein rein ordningsskala. For eksempel er korund (9) dobbelt så hard som topas (8), men diamant (10) er nesten fire gonger så hard som korund. For å vise skilnaden til Mohs skala viser tabellen nedanfor absolutt hardleik målt med eit sklerometer.[11][12]

Sidan skalaen vart oppfunnen har ein funne material som er hardare enn det høgste mineralet, diamant, på skalaen. Det betyr at Mohs skala kan bli endra ein gong i framtida.[13]

Meir informasjon Mineral, Absolutt hardleik ...
Remove ads

Identifisering av mineral

Saman med testing av eigenskapane brot og kløyv, er Mohs skala eit viktig verktøy for å identifisere mineral. Mohs skala er godt eigna for bruk i felten for både geologar og steinsamlarar. Han er konstruert slik ein kan nytte material som er lett tilgjengelege for å fastslå kor hardt eit materiale er. På Mohs skala har blyant-«bly» (grafitt) ein hardleik på 1; ein fingernagl 2,2–2,5; ein koparpenny 3,2–3,5; ein lommekniv 5,1; eit knivblad 5,5; vindaugsglas 5,5; og ei stålfil eller stålnål 6.5.[14] Ei streakplate (uglasert porselen, porselensikring) har ein hardleik på 7,0. Ved å nytte desse vanlege materiala med kjent hardleik kan ein på ein lett måte finne ei tilnærma plass for mineralet på Mohs skala.[2]

Mellomliggande hardleik

Tabellen nedanfor lister andre stoff som fell mellom dei ulike nivå i tabellen over:

Meir informasjon Hardleik, Stoff eller mineral ...
Remove ads

Sjå òg

  • Hardleik
  • Brinell hardleik
  • Vickers hardleik
  • Knoop hardleiktest

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads