Land i Eurovision Song Contest
Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Land i Eurovision Song Contest gjev oversyn over land som har delteke i Eurovision Song Contest. 51 land har delteke i Eurovision Song Contest sidan tevlinga starta i 1956. Av desse har 25 vunne tevlinga. Eurovision Song Contest, organisert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), vert arrangert årleg.

2: Deltok som ein del av Jugoslavia frå 1961 til 1991 og seinare Serbia og Montenegro frå 2004 til 2005

Tevlinga er open for alle aktive kringkastingsmedlemmar i EBU. For å vere aktivt medlem må kringkastaren vere i Det europeiske kringkastingsområde eller i eit av medlemslanda til Europarådet. Kven som kan delteke er ikkje bestemt av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje ein direkte samband med Den europeiske unionen (EU). Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel som ligg i Midtausten, Kypros og Armenia som ligg i Vest-Asia og Marokko som ligg i Nord-Afrika. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av territoriet sitt i Europa, delteke: Tyrkia, Russland, Georgia og Aserbajdsjan. To av landa som tidlegare har søkt om å få delteke: Libanon som ligg i Vest-Asia og Tunisia som ligg i Nord-Afrika, ligg òg utanfor Europa. Qatar som ligg i Vest-Asia har òg vist sin interesse for å delteke. I 2015 fekk Australia i Oseania delteke i tevlinga på grunn av 60-årsjubiléet, trass i at landet ligg utanfor Det europeiske kringkastingsområde, ikkje er medlem av Europarådet og ikkje er aktivt meldem i Den europeiske kringkastingsunionen.[1]
Talet på land som har delteke kvart år har vakse jamnt og trutt, frå sju i 1956 til over 20 i slutten av 1980-åra. Ettersom talet deltakarar har auka, har det mellom anna vorte arrangert kvalifiseringar. I 1993 vart Kvalifikacija za Millstreet arrangert i Slovenia. Då tevla sju austeuropeiske land om dei tre siste plassane i finalen i Irland. Etter 1993 vart det bestemt at dei seks landa med dårlegast poengsum ikkje fekk delteke i tevlinga året etter. I 1996 vart det introdusert eit nytt system. Lydopptak av alle dei 29 deltakarane vart sendt til dei nasjonale juriane. Dei 22 songane som fekk høgast plassering av juriane fekk delteke i Eurovision Song Contest. Vertslandet Noreg var direkte kvalifisert til finalen. Frå 1997 til 2001 vart det nytta eit system som gjorde at det landa med lågast gjennomsnittleg poengsum over dei fem føregåande åra ikkje fekk delteke. Kvart land kunne ikkje verte halden utanfor tevlinga i meir enn eitt år, før dei fekk vere med att.
Mellom 2001 og 2003 vart systemet frå 1994 og 1995 nytta. I 2004 vart det arrangert ein semifinale. Dei ti landa høgast poengsum frå året før kvalifisert seg for finalen, saman med «Dei fire store»: dei største økonomiske bidragsytarane til EBU. Alle dei andre landa deltok i semifinalen. Ti land kvalifiserte seg frå semifinalen, og det vart då 24 land i finalen. I 2008 vart det arrangert to semifinalar der alle landa, utanom vertslandet og «Dei fire store», deltok.
Nokre land, som Tyskland og Storbritannia, har delteke om lag kvart år, i motsetnad til Marokko, som berre har delteke ei gong. To land, Tunisia og Libanon, har forsøkt å delteke, men trekte seg før finalen. Liechtenstein, som ikkje er medlem i EBU, forsøkte å delteke i 1969, 1976 og 2011 uten å lukkast. I 2010 fekk dei lov å delteke, men deltok ikkje grunna finansielle problem.
Remove ads
Deltakarar
Remove ads
Land som ikkje har delteke
Land som trekte seg
Land som har vist interesse
Land som ikkje har vist interesse, men kan delteke
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads