Periodesystemet i stor utgåve

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Periodesystemet, som også blir kalla det periodiske systemet eller periodetabellen, er ein tabell over dei kjemiske grunnstoffa ein kjenner til. I dette systemet organiserer ein grunnstoffa etter atomnummer (talet på proton) slik at hydrogen, som har nummer 1, kjem først. Deretter vert grunnstoffa delte inn i periodar etter kva for elektronskal dei har og i grupper etter kor mange frie elektron dei har. Grunnstoff med like mange frie elektron har ofte svært like kjemiske eigenskapar.

For ei mindre utgåve av tabellen utan grunnstoffnamn og atommassar i kvar rute, sjå periodesystemet.

Teiknforklaring:
Selen
34
Se

78,96(3)
Grunnstoffnamn
Atomnummer
Atomsymbol

Atommasse
Rammestil: Naturleg førekomst av grunnstoffa
grunnstoff med heile rammer har isotopar som er eldre enn jorda (grunnelement)
grunnstoff med stipla rammer er radioaktive og kjem naturleg frå nedbryting av andre grunnstoff
grunnstoff med prikka rammer er òg radioaktive, men er kunstig framstilte og finst ikkje naturleg
Tekstfarge: Tilstand ved STP
raudt: gass
grønt: væske
svart: fast stoff
Bakgrunnsfarge: Kjemisk serie i periodesystemet ††
Alkalimetall Jordalkalimetall Transisjonsmetall Lantanoid Actinoid
Metall Halvmetall Ikkje-metall Halogen Edelgassar
Meir informasjon Gruppe →, ↓ Periode ...

Gjennomsnitt av atommassane til grunnstoffet sine isotopar i naturleg material, ifølgje kjelde 1. Tal i (parentes) er usikkerheita i sifferet foran, t.d. 78,96(3) tyder at den gjennomsnittlege atommassen er 78,96 u med standardavvik 0,03. Tal i [klammer] er massetalet (talet på kjernepartiklar) for lengstlevande isotopar av grunnstoff som ikkje har stabile isotopar. NB! Thorium, uran og protactinium har ingen stabile isotopar, men dei har karakteristiske isotopsamansetjingar med målbare atommassar.

Kjelder: 1. Atomic Weights of the Elements 2001, Pure Appl Chem 75(8), 1107-1122, 2003 (tal for grunnstoff 1-109). 2. WebElements per 30. juni 2005 (tal for grunnstoff 110-118).

†† Halogen og edelgassar er òg ikkje-metall. Lantanoid og actinoid blir kalla for sjeldne jordmetall. Alkalimetall, jordalkalimetall, transisjonsmetall og sjeldne jordmetall, saman med metalla i gruppe 13–16, blir alle kalla for metall.

Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads