Periodesystemet

tabellforma representasjon av grunnstoff From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

Periodesystemet, som også blir kalla det periodiske systemet eller periodetabellen, er ein tabell over dei kjemiske grunnstoffa ein kjenner til. I dette systemet organiserer ein grunnstoffa etter atomnummer (talet på proton) slik at hydrogen, som har nummer 1, kjem først. Deretter vert grunnstoffa delte inn i periodar etter kva for elektronskal dei har og i grupper etter kor mange frie elektron dei har. Grunnstoff med like mange frie elektron har ofte svært like kjemiske eigenskapar. Det er 94 grunnstoff i naturen. Det finst òg 24 kunstige grunnstoff, men desse er det lite av.

Teiknforklaring:
34
Se
Atomnummer
Atomsymbol
(Sjå fleire forklaringar
nedanfor tabellen.)

For ein versjon av periodesystemet med tillegg av grunnstoffnamn og atommassar i kvar rute, sjå periodesystemet i stor utgåve.


Meir informasjon Gruppe →, ↓ Periode ...
Bakgrunnsfarge: Kjemisk serie i periodesystemet
Alkalimetall Jordalkalimetall Transisjonsmetall Lantanoid Actinoid
Metall Halvmetall Ikkje-metall Halogen Edelgassar
Halogen og edelgassar er òg ikkje-metall. Lantanoid og actinoid blir kalla for sjeldne jordmetall. Alkalimetall, jordalkalimetall, transisjonsmetall og sjeldne jordmetall, saman med metalla i gruppe 13–16, blir alle kalla for metall.
Tekstfarge: Tilstand ved STP
raudt: gass
grønt: væske
svart: fast stoff
Rammestil: Naturleg førekomst av grunnstoffa
grunnstoff med heile rammer har isotopar som er eldre enn jorda (grunnelement)
grunnstoff med stipla rammer er radioaktive og kjem naturleg frå nedbryting av andre grunnstoff
grunnstoff med prikka rammer er òg radioaktive men er kunstig framstilte og finst ikkje naturleg
grunnstoff utan rammer er enno ikkje oppdaga eller framstilte
Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads